"Kommuneplanen skal fastsetje rammer for detaljstyring og kvar einskild avgjer, slik at vi som bur og arbeider i kommunen saman kan nærme oss felles målsetjingar:
- ei berekraftig samfunnsutvikling som sikrar livskvalitet og livsgrunnlag i dag og for komande generasjonar
- aktiv deltaking i utviklinga for alle som bur og arbeider i kommunen
- sikre og gode oppvekstvilkår for barn og unge"
Kommuneplanen består av fleire delar:
Samfunnsdelen
Skal gjere greie for føremålet med planen, hovudinnhald og verknader for rørte partar, interesser og omsyn. Den skal syne heile kommunen si verksemd og peike på mål og strategiar for å nå måla.
Planskildring
Skildring av korleis kommunen har arbeidd fram kommuneplanen med dei juridisk indande dokumenta; plankart og føresegner. Planskildringa er retningsgjevande for arealbruken i planområdet.
Plankart
Arealplankartet er juridisk bindande for arealbruken i kommunen. Plankartet visar eksisterande og planlagt arealbruk i planperioden. Kartet må sjåast saman med føresegnene, og retningslinene i planskildringa.
Temakart
Ved arealdelen ligg kjerneområde landbruk og støysonekart som omsynssoner
Føresegner
Juridisk bindande krav til arealbruk og planlegging som utdjupar kommuneplankartet.
Konsekvensutgreiing
Framlegg til nye tiltak skal vurderast og ein skal gjere greie for verknader for miljø og samfunn. Ved konsekvensutgreiinga ligg landskapsanalyse av to område med framlegg til omfattande ny arealbruk. Begge stader er det nye byggjeområde i noverande LNF.
ROS-analyse
Kommuneplanen har med ein eigen ROS-analyse som gjer greie for risiko og sårbarheit i kommunen. Analysen er utarbeidd for eit overordna nivå, men legg føringar for val av metode og akseptkriteriar for detaljanalyse for kvart område med framlegg om endra arealbruk.
Ny kommuneplan for 2011-2023 vart godkjent i kommunestyret 29. september 2011
Samfunnsdel
Arealplan kart
Føresegner
Planomtale
ROS-analyse
Landskapsanalyse Mangersnes og Sylta
Konsekvensvurdering
Kjerneområde for landbruk og viktige kulturlandskapsområde
Støysone veg