Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Beskrivelse

Husbanken sitt grunnlån skal

  • bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som miljø, universell utforming i ny og eksisterande utbygging
  • bidra til å skaffe bustader til vanskelegstilte og husstandar i etableringsfasen
  • sikre nødvendig bustadforsyning i distriktaLånet kan brukast til å
  • byggje nye bustader
  • utbetre bustader
  • byggje om eksistarende bygningar til bustader
  • kjøpe nye og brukte utleigebustader Grunnlånet kan normalt utgjere inntil 80 % av prosjektkostnadene.

Målgruppe

  • Enkeltpersonar
  • Utbyggjarar
  • Bustadbyggjelag
  • Burettslag
  • Selskap og stiftingar
  • Kommunar og fylkeskommunar

Vilkår

Det er ein føresetnad at bustadene blir nytta som heilårsbustader. Bustadene må ha ein god, heilskapleg kvalitet og ivareta kriteria for universell utforming og miljø, medrekna bygging av svanemerka hus. Lånet skal ha ei klar innretning mot rimelege kvalitetsbustader. Husbankfinansiering skal difor avgrensast mot dei dyraste bustadene. Husbanken føreset at lånsøkjaren har økonomisk evne til å greie lånet og at dette kan dokumenterast.

Veiledning

Du må fylle ut søknadsskjema (sjå nedanfor) i to eksemplar. Søknadsskjema kan du òg få i kommunen.

Vedlegg

  • Målsette teikningar
  • Situasjonsplan
  • Byggjekontrakt/tilbodsmateriale
  • Annan nødvendig dokumentasjon
  • I vurderinga vil det bli lagt vekt på lokale kostnads- og marknadsforhold, kvalitet og brukargruppe. Husbanken tilbyr samarbeid tidleg i prosjekteringsfasen for å avklare kvalitet og pris.

    Klage

    Det er høve til å klage på Husbanken sitt vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån eller tilskott. Klagen må vere skriftleg og sendast til det kontoret som har gjort vedtaket. Klagen må grunngjevast. Før opp kva du klager over og kva for endring du ønskjer. Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Dersom du ikkje får medhald i klagen, sendast den til ei uavhengig klagenemnd som er oppnemnd for husbanksaker.

    Annet

    Kontakt oss

    Radøy kommune
    Radøyvegen 1690
    5936 Manger
    Telefon: 56 34 90 00

    Faks: 56 34 90 01
    E-post: postmottak@radoy.kommune.no
    SMS: send RADØY + di melding til 2223

    Annet

    Sjølvbetening
    Les meir

     
    tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
    Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no