Ei grensejustering vil seie at det kan overførast mindre område mellom to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) som har felles grense. For overføring av større område, sjå arealoverføring. Ei grensejustering krev at ein held ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagde og beskrivne. Grensejustering kan ikkje nyttast ved godkjend deling av eigedom etter plan- og bygningslova.
Personar som kan krevje grensejustering (rekvirentar), er mellom anna grunneigarar (sjå òg matrikkellova § 9).
Arealet for dei involverte matrikkeleiningane kan aukast eller reduserast med inntil 5 % målt mot den minste matrikkeleininga, men maksimalt 500 kvadratmeter. For anleggseigedom gjeld spesielt at volumet kan aukast eller reduserast med maksimalt 1000 kubikkmeter. Uansett kan ei matrikkeleining likevel ikkje avgje meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa. Verdien på matrikkeleininga kan ikkje reduserast med meir enn 1 G (G = grunnbeløp i folketrygda).
Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.
Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som kjem fram av sjølvkostprinsippet.
Krav (rekvisisjon) om grensejustering skal skje skriftleg. Sjå nedanfor kva for vedlegg som skal følgje med.
Når krav om grensejustering er motteke, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.
Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med grensejustering. Det blir utferda eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten.
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på grensejusteringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lar avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223