I utgangspunktet er det forbode å dele landbrukseigedommar. Føremålet med dette forbodet er å sikre at ressursgrunnlaget for driftseininga ikkje blir redusert. Ein eigedom som blir nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen. Når ein skal avgjere om samtykke skal gjevast, skal det m.a. takast omsyn til
Det er viktig å merkje seg at sjølv om eitt eller fleire vilkår for deling er oppfylt, gjev ikkje det nokon automatisk rett til samtykke.
Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom, eller som ein trur kan vere den faktiske eigaren til eigedommen.
Samtykke til deling kan gjevast dersom
I samband med eit samtykke til deling av landbrukseigedom kan det setjast vilkår som er nødvendige for å ivareta formålet i lova.
Det er fastsett eit gebyr på kr 750,-.
Søknad om deling av landbrukseiendommen skal sendast til kommunen. Søknaden må innehalde beskriving av eigedommen og plassering på arealet det blir søkt om deling av.
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein kan vente at vedtaket vil bli gjort.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen..
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223