Deling av eigedom er regulert gjennom plan- og bygningslova, og jordlova for landbrukseigedomar.
Skal du byggje hus må tomta vera godkjent til bustadføremål. Dette kan ein sjekke i eksisterande arealplanar. Om den ikkje er godkjent til bustadføremål, kan du søkja kommunen om dispensasjon. Dette gjer du ved å skrive eit brev til kommunen samt å varsle naboane. Tegn inn eit omriss på eit kart som du legg ved. Skal du søkje om å få dele grunneigedom kan dette gjerast på skjema.
I mange områder gjeldt eit generelt byggje- og deleforbod etter plan- og bygningslova. Kommunen kan i særskilde høve gje dispensasjon. Slike dispensasjonar vert overprøvd av Fylkesmannen.
Det er korkje lov til å frådele eller bygge på ei tomt før det er sikra rett til veg, vatn og avlaup.
Sist oppdatert: 06.09.2009