Kva er nytt i ny teknisk føresegn for deg som skal byggje ny einebustad?
Med unntak av nokre få reglar kan tiltakshavar i ei overgangsperiode fram til 1. juli 2011 velje om bustaden skal førast opp etter krava i TEK97 (gamal teknisk føresegn) eller TEK10. Ansvarleg søkjar må i samband med søknad om tiltak melde frå til bygningsmynda om ein vel å følgja TEK97. Om ein ikkje opplysar om val av TEK i søknaden, legg bygningsmynda til grunn at bustaden skal førast opp i samsvar med TEK10.
1. Tilgjengeleg bueining (TEK §§ 12-2)
Det har vore mykje forvirring rundt krava til tilgjengeleg bueining. Det viktigaste å merke seg er at tilgjengeleg bueining ikkje er det same som krav til universell utforming. Tilgjengeleg bueining vil seie tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne. Krav til universell utforming gjeld arbeidsbygg og publikumsbygg. Krava til tilgjengeleg bueining gjeld for bustadar med krav til heis, og for bustader kor alle hovudfunksjonane ligg på hovudplanet. Det vil enkelt og greitt seie: Skal du byggje ein einebustad kor stove, kjøkken, bad og soverom ligg i same etasje, og denne etasjen i tillegg er den etasjen kor du har inngang. Ja, da får du krav til å utforme denne etasjen i bustaden egna for personar med nedsett funksjonsevne. Merk at krava til tilgjengeleg bueining ikkje er like strenge som krava til bygg med universell utforming.
Dei tekniske krava som gjeld for bustader som fall inn under reglane om tilgjengeleg bueining finn du i TEK §§ 12-4(2), 12-6(4), 12-7(2) 12-8(1)12-11(3), 12-15(4), 12-17(5), 12-21(3), 8-6(4).
2. Bad og Toalett (TEK § 12-9)
Alle bueiningar skal ha minst eitt bad og toalett der følgjande skal vere oppfylt:
• Fri golvplass til ein snusirkel med diameter på 150 cm framføre toalett, minimum 90 cm fri golvplass på den eine sida av toalettet og 20 cm på den andre sida av toalettet.
• Moglegheit for trinnfri dusjsone.
• Vegg i dusj og toalettsone skal gje festemoglegheit for ettermontering av naudsynt utstyr.
Med andre ord, tilpassa for bruk med rullestol. Merk at dette gjeld alle bueiningar, ikkje berre dei som fell inn under krava til tilgjengeleg bueining.
3. Gangtilkomst (TEK § 8-6)
Alle bueiningar skal ha trinnfri gangtilkomst, stigning som ikkje er brattare enn 1:20 og kvileplan for kvar 60 cm høgdeforskjell. Unntak gjeld berre kor terrenget er for bratt til at det er mogleg å få til. Merk at dette gjeld alle bueiningar, ikkje berre dei som fell inn under krava til tilgjengeleg bueining.
4. Utføring av våtrom (TEK § 13-20)
Den største endringa kva gjeld våtrom følgjar ikkje av TEK10, men av Forskrift om byggesaksbehandling (SAK10). Etter SAK10 § 2-2 har våtrom no har vorte søknadspliktig tiltak med krav til ansvarsrettar, og krav til uavhengig kontroll etter SAK10 § 14-2 frå 1. juli 2011. Reglane gjeld også for oppgradering av eksisterande våtrom. I praksis betyr dette at den som skal byggje nytt eller oppgradere eksisterande våtrom må leige inn eit profesjonelt føretak til å søkje om, planleggje og utføre tiltaket. Etter 1. juli 2011 må det i tillegg leigast inn eit anna føretak som skal kontrollere det første føretaket. I TEK10 er krava til utføring av våtrom skjerpa. Merk at definisjonen av våtrom ikkje berre er bad, men mellom anna også vaskerom.
5. Radonsperre (TEK § 13-5.)
Det er i TEK10 komen krav til at alle nye bustader skal utførast slik at radonkonsentrasjonen1 i lufta inne ikkje overskridar 200 Bq/m3. Dette inneber obligatorisk krav til radonsperre og tilrettelegging for tiltak som kan setjast i drift om radonkonsentrasjonen i lufta inne på eit tidsounkt overskridar 100 Bq/m3. Det er viktig å merka seg at tiltaka ikkje er enten eller, men både og. Ein må både leggja radonduk og gjøre klart for lufting/avtrekk. Unntak gjeld berre der ein kan dokumentere at det ikkje er naudsynt.
6. Nye brannkrav (TEK § 11-2 (2) b)
Etter TEK10 skal alle nye bustader ha seriekopla røykvarslarar, tilknytt straumforsyning og med batteribackup. Det er ikkje lengar lovleg å nytte vanlege batteridrivne røykvarslarar. Unntak gjeld berre dersom bustaden ikkje er knytt til straumforsyning.
7. Energiforsyning (TEK 14-7)
Alle bustad på mellom 50 og 500 m2 skal ha dekka minimum 40 % av netto varmebehov av anna energiforsyning enn direkteverkande elektrisitet eller fossilt brensle. Bustad over 500 m2 skal ha dekka minimum 60 %. Fossilt brensle er energikjelder som ikkje kan gjenvinnast, så som olje og gass. Ved er ikkje fossilt brensle og såleis lovleg. Varmepumpe med elektrisk motor er ikkje direkteverkande elektrisitet og såleis også lovleg. Merk at Radøy kommune har ein eiga kommunedelplan for klima som også legg føringar for energibruk.
8. FDV- dokumentasjon (PBL § 21-10(2), SAK §§ 8-1(2) og 8-2 og TEK § 4-1)
FDV-dokumentasjon står for dokumentasjon for forvalting, drift og vedlikehald. Seinast ved søknad om ferdigattest skal ansvarleg søkjar overlevere naudsynt dokumentasjon som grunnlag for korleis igangsetting, forvalting, drift og vedlikehald av byggverk, tekniske installasjonar og anlegg skal utførast på tilfredsstillande måte. Eigar av bygget skal kvittere for mottak av dokumentasjonen og oppbevare denne for driftsfasa. Det er ei føresetnad for ferdigattest at ansvarleg søkjar kan dokumentera at kvittering for FDV-dokumentasjon ligg føre, jfr SAK § 8-1(2).
9. Kva gjeld for fritidsbustad?
Det går fram av TEK10 § 1-2(2) kva for krav som gjeld for fritidsbustad med éin bueining. Merk spesielt at krav til radontiltak, brannsikring og utføring av våtrom gjeld for alle fritidsbustadar tilsvarande som for bustadar. For fritidsbustad over 150 kvm gjelder også krav til energiforsyning tilsvarande som for bustad. For fritidsbustad med meir enn ein bueining gjeld heile TEK10.
Eit praktisk tips før du går laus på TEK10:
TEK10 er bygd opp rundt ein mal der den først i kvar paragraf nemner dei generelle krava som gjeld for alle bygg. Så kjem krava som gjeld for bygg med krav til tilgjengeleg bueining. Til sist kjem krava som gjeld for bygg med krav til universell utforming. Denne oppbygginga er vel verd å leggja seg på minnet, for har ein fyst forstått systematikken vert TEK10 mykje enklare å anvend i praksis!
TEK10 § 1-2 listar opp kva paragrafar som gjeld for fritidsbustadar, driftsbygningar i landbruket og einskilde andre særelege byggverk.
Kva er Radon?
Radon er ein usynleg og luktfri edelgass som dannast ved nedbrytning av grunnstoffet radium. Radium finn ein i dei fleste bergartar, mest i uranrik granitt og alunskifer. Ved spontant radioaktivt nedbrytning av radon dannes såkalla radondøtre. Desse festar seg til lungevevet og gjev stråling. Høge nivå av radon innadørs er ein medverkande årsak til økt risiko for lungekreft. Statens strålevern rår til at radonnivå holdast så låge som mogleg i alle bygningar, og at tiltak alltid bør utførast når radonnivået i eit eller fleire opphaldsrom overskridar 100 Bq/m3. Strålevernet peikar på at tiltak også kan være aktuelt under 100 Bq/m3 om ein med enkle tiltak kunne fått radonnivået vesentleg lågare. Videre anbefaler Strålevernet at radonnivåer alltid skal være lågere enn 200 Bq/m3.