Beskrivelse
Eigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på. Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane.
Vilkår
For å få etablert ein seksjon eller endre ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova for det føremålet eininga skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførte før seksjonering eller reseksjonering kan skje.
- Det må knytast einerett til bruk av brukseininga
- Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen
- Inndelinga må gje ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseining
Veiledning
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om eigarseksjonering eller reseksjonering.
Vedlegg
Skjema for seksjoneringsbegjæring
Planteikningar
Situasjonsplan - kart over eigedommen som skal seksjonerast
Vedtekter
Namneliste over dei som bur der
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.