Beskrivelse
Skal du føre opp ein driftsbygning på gardseigedommen din, må du melde frå om dette til kommunen. Ei melding følgjer ein enklare prosedyre enn ein søknad og har høvesvis kort saksbehandlingstid. Meldinga må innehalde gode nok opplysningar om tiltaket. Grannar og tverrbuarar skal ha varsel.
Det er likevel fleire vilkår som må oppfyllest.
Vilkår
Du har sjølv ansvaret for at tiltaket er i samsvar med
- føresegnene i plan- og bygningsloven om mellom anna estetikk og avstand til granne
- kommunale bygningsvedtekter, kommuneplan og eventuelt reguleringsplan
Vedlegg
Sjå forskrift om saksbehandling i byggesaker §§ 18 og 19.
Saksbehandling
Saka skal behandlast av kommunen innen tre veker. Dersom du ikkje har fått svar innan tre veker og føresetnadene for melding er til stades, kan arbeida setjast i gang. Ta først kontakt med kommunen.
Tiltaket kan utførast tre veker etter at meldinga er mottatt av kommunen. Når særlege grunner ligg føre, kan kommunen forlenge fristen med enno tre veker. Har du sendt melding utan å få svar innan tre veker, bør du likevel kontakte kommunen før du set i gang byggjetiltaket.
Når arbeidet er ferdig, skal du gje melding til kommunen, anten via telefon, brev eller e-post.
Klage
Sjølv om det ikkje blir gjort eit formelt vedtak, er det høve til å klage for grannar og andre involverte. Dei kan klage på vedtaket innan tre veker frå det tidspunktet dei fekk kjennskap til (eller burde ha skaffa seg kjennskap til) vedtaket. Likevel løper klagefristen ut seinast tre månader etter at vedtaket er gjort. Klagen sendast til kommunen. I klagen skal ein føre opp kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal kommunen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.