Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Plan, bustad og eigedom / Byggesak / Tiltakstypar / Byggjetiltak (mindre) på eigedom som det er bygt på frå før

Beskrivelse

Dersom du skal

  • oppføre eitt enkelt tilbygg der korkje samla bruksareal eller bygd areal er over 50 m2, der tilbygget kan ha kjellar
  • oppføre éin enkelt frittliggjande bygning som ikkje skal nyttast til å bu i, og der korkje samla bruksareal eller bygd areal er over 70 m2
  • gjere ei bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel
  • setje opp eller montere skilt, reklameinnretningar o.l. inntil 6,5 m2 montert på vegg eller med høgd inntil 3,5 meter og breidd inntil 1,4 meter montert frittståande på terreng, som ikke utgjer fare for persontryggleiken
  • setje opp antennesystem med høgd inntil 5 meter, som ikke utgjer fare for persontryggleiken

må du melde frå om dette til kommunen. Ei melding følgjer ein enklare prosedyre enn ein søknad og har høvesvis kort saksbehandlingstid. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast.

Målgruppe

Dei som planlegg mindre byggjetiltak på eigen eigedom

Vilkår

Vilkår som gjeld tiltaket som skal utførast:

  • Tiltaket må samsvare med krava i plan- og bygningslova til mellom anna estetikk og avstand til nabo
  • Tiltaket må samsvare med kommunale bygningsvedtekter

Vilkår som gjeld meldingsprosessen:

  • Meldinga må innehalde tilstrekkelige opplysningar om tiltaket
  • Naboer og gjenboere skal varslast. Det er ein føresetnad at ingen naboar/tverrbuarar har merknader til meldinga. (I tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad.)

Veiledning

Dersom du er i tvil om tiltaket oppfyller krava for meldingsplikt, kan du kontakte kommunen for å få meir informasjon. Har du sendt melding utan å få svar innan tre veker, bør du likevel kontakte kommunen før du startar byggjetiltaket. Når arbeidet er ferdig, skal du melde frå til kommunen, anten via telefon, brev eller e-post.

Vedlegg

  • Situasjonskart
  • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
  • Skriftleg utgreiing

Søknadsfrist

Meldingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Saka skal behandlast av kommunen innan tre veker. Dersom du ikkje har fått svar innan tre veker og føresetnadene for melding er til stades, kan arbeida setjast i gang. Ta først kontakt med kommunen.

Kommunen kan innan tre veker etter at han har mottatt meldinga, krevje at tiltaket blir lagt fram for kommunen som ein søknad om løyve.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Søknadskjema

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no