Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Plan, bustad og eigedom / Byggesak / Tiltakstypar / Bustad - bygging av ny

Beskrivelse

Skal du føre opp ny bustad på eiga tomt, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess ("ansvarleg søkjar"). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført, og alle handverkarane (firmaa) ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde.

I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar).

Målgruppe

Tomteeigarar

Vilkår

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjend av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylde:

  • Nabovarsling må vere gjort
  • Bustaden må plasserast etter dei generelle krava i plan- og bygningslova og ev. byggeliner i reguleringsplan. Estetisk utforming må tilfredsstille generelle krav i plan- og bygningslova og ev. tilsvisingar i reguleringsplan
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket må elles ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Veiledning

Dersom du ønskjer å oppføre ein ny bustad, må du ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil bli ståande som "ansvarleg søkjar" og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som bindeledd mellom deg som byggherre (tiltakshavar), kommunen og andre ansvarlege som skal bistå med å gjennomføre tiltaket fram til ferdigstilling.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Den raskaste måten å få behandla eit søknadspliktig tiltak på, er å sende inn saka som et såkalla "enkelt tiltak". For "enkle tiltak" må kommunen gje løyve innan tre veker. (Dette inneber ei vurdering av om tiltaket oppfyller krava til å vere eit "enkelt tiltak".) Dei viktigaste kriteria her er at ingen naboar har innvendingar, og at du har avtale med dei handverkarane (firmaa) som skal stå ansvarlege for gjennomføringa. Det blir difor kravt ein del arbeid før alle dokumenta blir sende inn (ansvarsrettar, kontrollerklæringar osb.). Alle andre saker skal kommunen behandle innan tolv veker. Fristen kan forlengjast dersom tiltaket er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring, eller løyve eller samtykke (vedtak) frå andre styresmakter.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til kommunen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal kommunen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Søknadskjema

Beslektede tjenester

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no