Byggetiltaka kan delast i tre kategoriar, etter krav til søknad. Desse kategoriane er:
1) Byggetiltak som ikkje krev søknad, pbl § 20-3
Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal sakshandsaming. Eksempel på slike tiltak er uthus på mindre enn 15 kvm og mur på inntil 1 meter høgde minimum to meter frå nabogrensa. Men nokre viktige føresetnader må vere oppfylt. Dersom eit byggetiltak fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnadene eller ålmenne interesser, vil ikkje vilkåra for unntak vere oppfylt. Heller ikkje dersom tiltaket ligg i strandsone, LNF område eller på anna måte er i strid med arealplan.
2) Byggetiltak som krev søknad, men utan krav til ansvarsrettar, pbl § 20-2
Søknad utan krav til ansvarsrettar har ikkje så omfattande dokumentasjon og sakshandsaming som søknad med krav til ansvarsrett. I desse sakene har tiltakshavar sjølv ansvar for at tiltaket oppfyller alle krav som er gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova. Avhengig av eigen kompetanse og kor vanskeleg tiltaket er, kan det vere nødvendig med byggfagleg bistand. Dei vanlegast tiltaka som er omfatta av denne søknadsordninga er garasjar og mindre tilbygg. Kart og naboliste til bruk i søknaden, kan tingast på Sørvistorget.
3) Byggetiltak som krev søknad med krav til ansvarsrettar, pbl § 20-1
Tiltak som ikkje fell inn under pkt. 1 og 2 skal handsamast som søknad. Eksempel på slike saker er einebustader, fritidsbustader, større garasjar og tilbygg, naust på ubebygd eigedom og kaianlegg. Frå 1. juli er også våtrom, både i nye og eksisterande bustader, søknadspliktig tiltak med krav til ansvarsrettar. Søknader med krav til ansvarsrett skal sendast inn av eit føretak som skal ha naudsynt kompetanse og kvalitetssystem. Kompetanse skal dokumenterast gjennom at føretaket gjer greie for utdanning og praksis eller ved at det ligg føre sentral godkjenning (godkjente føretak). Dokumentasjon for kompetanse og system er også eit krav for dei som skal prosjektere, utføre og kontrollere byggtiltak som er søknadspliktige.
Informasjon om dei ulike tiltakstypane, finst i menyen til venstre.
Sist oppdatert: 19.05.2011