Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Beskrivelse

Når eit byggjetiltak skal iverksetjast, har naboar og tverrbuarar krav på å bli varsla om det tiltaket som skal setjast i gang. Dei får på den måten høve til å komme med merknader/protestar før tiltaket blir starta. For byggjetiltak som berre krev at du sender melding til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen, er det du som byggherre (tiltakshavar) som sørgjer for nabovarsel. For tiltak som krev søknad til kommunen, er det firmaet du engasjerer til å stå for søknadsprosessen (også kalla ansvarleg søkjar), som sørgjer for nabovarsel.

Naboane må få melding om at eventuelle merknader må vere komne til kommunen (når det gjeld melding) eller til ansvarleg søkjar (når det gjeld søknad) innan to veker etter at nabovarslet er sendt og grunnlagsmaterialet for søknad/melding er gjort tilgjengeleg.

Kommunen kan frita deg frå varsling eller utvide varslingsplikta, avhengig av tiltaket.

Målgruppe

Byggherre (tiltakshavar) eller firma (ansvarleg søkjar)

Vilkår

Nabovarslet skal innehalde så omfattande opplysningar at naboar eller tverrbuarar (eventuelt også andre) kan vurdere om tiltaket vedkjem deira interesser. Det skal framgå om tiltaket krev dispensasjon frå føresegner i plan- og bygningslova. Varslet må vere gjennomført før søknad eller melding blir sendt. Dette kan gjerast på to måtar:
  • Naboen kvitterer direkte på varslet og får ein kopi
  • Du sender varslet til naboen i rekommandert sending og får ei kvittering frå Posten

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp.

Vedlegg

Teikningar, situasjonskart og andre opplysningar som kan gjelde interessene til naboen/tverrbuaren

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Søknadskjema

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no