Gjennomføringsplan – kva er det?
Gjennomføringsplan er eit nytt, lovfesta dokument i byggesøknader med krav til ansvarsrettar (byggesaksforskriften § 5-3). Dokumentet skal utarbeidast av ansvarleg søkjar og skal sendast byggingsmynda i oppdatert versjon kvar gong det skjer noko i byggesaka. Det vil seia når vert søkt om rammeløyve eller løyve i eitt trinn, igangsetjingsløyve, ansvarsrettar eller endringar i ansvarsrettar, endringar i løyve, mellombels bruksløyve eller ferdigattest. Dei ansvarleg prosjekterande og ansvarleg utførande pliktar å medverke til grunnlaget for gjennomføringsplanen.
Gjennomføringsplanen skal vise at alle område er belagt med ansvar. Den skal gjere greie for på kva tidspunkt i prosessen ansvarleg søkjar forventar å få samsvarserklæringar og kontrollerklæringar, og dato for når samsvarserklæringar og kontrollerklæringar er mottatte. Når dei ulike aktørane er ferdig med sin del av arbeidet knytt til tiltaket, skal dette gå fram av gjennomføringsplanen (kryss i siste kolonne). Byggningsmynda skal ikkje lenger ha kontrollerklæringar. Desse skal berre oppbevarast hjå ansvarleg søkjar. Gjennomføringsplane blir såleis den einaste dokumentasjonen byggningsmynda får for at prosjektering er ferdigstilt når det vert søkt eitt-trinns-løyve/igangsetjingsløyve og for at tiltaket er ferdigstilt når det vert søkt om ferdigattest/mellombels bruksløyve.
Byggningsmynda kan såleis ikkje gje byggjeløyve/igangsetjingsløyve eller ferdigattest/mellombels bruksløyve dersom gjennomføringsplan manglar eller er svært mangelfull. Slike manglar aukar sakshandsamingstida til skade for tiltakshavar. Om ansvarleg søkjar er usikker på korleis gjennomføringsplanen skal fyllast, rår me dykk til å ta kontakt med sakshandsamar i kommunen og ber om råd. Når gjennomføringsplanen nyttast som eit dynamisk og godt gjennomarbeidd dokument, er den eit reiskap for å kvalitetssikre byggjesaksprosessen og for å systematisere og forenkle informasjonsflyten.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223