Beskrivelse
Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som byggherre ("tiltakshavar") og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for tiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som berre krev melding, kan du møte kommunen åleine. For søknadspliktige tiltak bør du ha med deg firmaet du har engasjert til å ta seg av heile søknadsprosessen ("ansvarleg søkjar"). Konferansen blir halde før ei eventuell melding eller ein søknad blir sendt til kommunen.
Målgruppe
Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova
Vilkår
Kommunen pliktar å halde førehandskonferanse dersom du som byggherre ("tiltakshavar"), eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det.
Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjonar.
Veiledning
Ta kontakt med kommunen for nærare avtale.
Saksbehandling
Førehandskonferanse skal haldast seinast to veker etter at tiltakshavaren har fremja krav om det.