Skal du bygge innafor eit regulert bustadfelt kan du søkje om byggeløyve i samsvar med vilkår sett i reguleringsplanen.
I LNF-område (landbruk, natur og friluftsliv) er det berre tillate å føre opp bygningar i samband med stadbunden næring. Ønskjer du å bygge hus på garden eller dele frå ein tomt i eit slikt område, må det først gjevast dispensasjon og eventuelt godkjennast frådeling av tomt. Ta kontakt med landbrukssjef eller plankonsulent for rettleiing. Først når tomta er godkjent for bustadføremål og det er sikra tilhøve for veg, vatn og avlaup kan det sendast inn byggesøknad.
Sist oppdatert: 06.09.2009