Kommunen behandlar og godkjenner søknad som gjeld avkøyrsel frå kommunal veg:
Denne tenesta gjeld avkøyrsel som ikkje er del av ei byggjesak. I så fall blir han behandla i byggjesaka. For avkøyrsel frå fylkesveg og riksveg skal søknaden sendast til høvesvis fylkeskommunen eller Vegdirektoratet.
Grunneigarar og utbyggjarar
Avkøyrsel er alle tilknyttingar mellom offentleg veg og privat eigedom, dvs. området frå vegkanten til tilstøytande privat terreng. Tiknytting for fotgjengarar blir også rekna som avkøyrsel. Avkøyrsla må byggjast i samsvar med arealdelen til kommuneplanen eller reguleringsplanen og retningsliner gjevne av staten og kommunen. Vegstyresmaktene legg ei vid tryggleiksvurdering til grunn. Dersom området ikkje er regulert eller planen ikkje inneheld avkøyrsel, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.
Statens vegvesen
Sjå arealdelen til kommuneplanen eller reguleringsplan om området for avkøyrsel er regulert eller ikkje.
Kommunen har rettleiingsplikt og gjev informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningsliner som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.
Situasjonskart der avkøyrsla er teikna inn.
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngitt. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Dersom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan avslaget klagast inn til Fylkesmannen. Klagen skal rettast til Fylkesmannen, men sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klagenemnda behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klagenemnda.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223