FORELDRE INFO. AUGUST 2011
Vel overstått ferie og velkomen til nytt barnehageår til både "gamle" og "nye" born og foreldre.
Litt informasjon i starten:
- 7 opning - dei som har meldt seg på, møter i avdeling Nordastova - dei andre avd. opnar 07.30. Me prøver dette ei tid framover - det kan verta endringar, men då vil de få beskjed. Dei på Dale møter sjølvsagt på Dale.
- Uteområda - det gjenstår litt arbeid både på Manger og Dale - men me håpar dette vert ordna snart.
- Husk alltid å lukka porten når du kjem og går frå barnehagen,
- 4. ferieveka - dersom ein har ei veke ferie igjen, husk at den må takast i løpet av hausten - be om skjema på avd som du fyller ut. Gje helst melding 3 veker på førehand.
- Sjølvsagt litt endringar i personalgruppa - litt flytting mellom avd - nokre sjukem og nokre nye fjes. Kven som er på di avd får du i skriv frå di avdeling.
- Smørjemåltida startar opp i midten av september - nærare beskjed kjem.
Me håpar på eit godt samarbeid i året som kjem.
Rita V. Amundsen
einingsleiar
Sist oppdatert: 24.08.2011