Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Barnehage / Barnehagar / Prestmarka barnehage / Foreldreinfo Januar 2012

FORELDRE INFO.    Januar   2012
Godt nyttår til alle – både store og små. Litt felles informasjon frå barnehagen i starten på det nye året.

Ny adresse:
Som sikkert fleire har fått med seg har barnehagane og skulane fått ny post adr frå 01-01-12. All post skal no sendast til rådhuset og vert registrert i sak/ arkiv der. Me har tilgang til sak/arkiv og kan lesa posten i bhg.

Ny adr vert derfor:      
Radøy kommune
Prestmarka barnehage
Radøyvegen 1690
5936 MANGER         

Budsjett 2012:
Kommunen har knappe ressursar – derfor må alle einingane i kommunen ta ei innsparing på sitt budsjett for 2012. For barnehagen vil ein m.a prøve å redusere utg til vikar – dvs at me enkelte dagar ikkje vil ta inn vikar dersom personalet er vekke. Avdelingane vil då hjelpa kvarandre.

Opptak 2012/2013:
Frist for å søkja om bhg. plass for neste bhg år er 1.mars. Dei som har fått tildelt plass utafor hovudopptaket må søkje på nytt. Alle andre treng ikkje søkje med mindre ein ynskjer endring av plassen. Nytt søknadskjema vert tilgjengeleg på Radøy Kommune sine nettsider i slutten av januar. Dersom ein er usikker på noko – ta kontakt med barnehagen.

Bursdagsinvitasjonar:
Barnehagen får av og til spørsmål om ein kan dele ut slike invitasjonar i barnehagen. Det er greit dersom ein legg det i hylla til borna. Viktig at dei som får slike invitasjoner ventar med å opne dei til ein kjem heim. Dette for å skape minst muleg uro i barnehagen då alle kanskje ikkje får invitasjon.

Ny lærling:
Linn Helen Røyseth er ferdig med læretida  og hadde sin siste dag 10.januar. Det vil nok likevel treffa henne i barnehagen – då som vikar. Marita I.Bø starta opp som lærling i Nordastova 11.januar – ho skal vera der 3 dagar i veka.

 

Januar 2012
Rita V.Amundsen
einingsleiar

Sist oppdatert: 20.01.2012
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Prestmarka barnehage
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Radøyvegen 1676

Tlf: 56 34 90 66
E-post: rita.v.amundsen@radoy.kommune.no
Radøyvegen 1676

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no