KJELLAR NYTT
--- oktober ---
Då er me klar for ny måned og nye muligheter ;)
Først og fremst takk for kjekt foreldremøte, med god stemning og positive foreldre. Spesielt takk til Mai Lis og Svein Jarle ( Matilde sine foreldre) som ordna sofa til oss og fekk den på plass før ondagen var omme!
Ting begynnar no å falla på plass for oss, og dermed ser me litt klarar korleis me skal best kunne organisere kvardagen vår. Men først litt om kva september innehald.
Hoved målet denne månaden var at borna skal verte kjendt og trygg på kvarandre, og oss vaksne. Dei skal vita kva forventningar me har til dei på ulike arenaer.
Dette opplever me at me er på god veg med, borna veit nok kva me forventar, men det er ikkje alltid dei greier å oppfylle det. Innestemme er eit godt eksempel på noko me jobbar meir med.
Me har vore mykje på tur og fått brukt kroppen vår. Me har blandt anna vore mykje på Nøttveit og i "skuleskogen" på Urhaug. Men me har og vore på "Stølane" og i "Urlekleiva". På turane har det primært vore leik, sosiale samspel og fysisk utfoldelse som vore prioritert. Men me har og hatt meir pedagogiske opplegg, der me bla har hatt samling. Me har hatt med oss div. Materiale som me har grave ned. På førehand har me snakka om kva som vil skje med det når det ligg i jorda. Rundt 17. mai, skal me grava det opp å sjå om me hadde rett...
Smørjemåltid har starta opp, og det medfører litt på godt og vondt... Me har llaga grønsaksuppe av grønsakene som me i vår planta på Øver Manger. Desse var ei lita gruppe å hausta inn, medan andre var med å skrella og kutta opp bitane, før alle fekk smake på "muskesuppa". Dei fleste åt opp!
Elles har me hatt eit formingsprosjekt der alle har teikna familien sin, og laga "familie-tre". Ei sjarmerand utstilling har me fått på avdelinga.
Alle borna har og hatt ei teikne oppgåve, som eg vil presentere når foreldresamtalane begynnar.
Tre jubilantar har me hatt denne månaden. Dei har alle fått gode ord i "den-gode-stol", krune og banan-båt, heisa flagget og vorte feira for med "godteri" og is. Litt "barne-sjukdomar" har det vore når me innfører nye ting, men me lærer etterkvart...
Så over til kva me tenkjer å by på i oktober. Eg presenterer det ut frå områda i dei mange intelligensar, slik at de kan verte kjedt med måten me jobbar på.
|
Språkleg
|
-
I samling med leseing av bøker, rim og regler.
-
I kvardagslege / ustrukturerte settingar med leik med lydar og ord.
-
Førskulegruppa.
|
|
Kroppsleg
|
|
|
Personleg
|
-
Sjølvstendig.
-
Være trygg.
-
Gjera eigne val.
-
Bevist eigen identitet.
|
|
Sosial
|
|
|
Musikalsk
|
|
|
Matematisk
|
|
|
Romleg / visuel
|
-
Male vått i vått.
-
Eple-trykk.
|
|
Naturalistisk
|
-
Turar i ulent terreng.
-
Samle "haust-skattar".
-
Ulik frukt.
|
Som de sikkert ser står det både bading og førskulegruppe i skjemaet. De skal få eige skriv om dette. Me teksikte på at første badedag vert i veke 41.
Foredresamtalane prøver me å få starte opp med i denne månaden.
Me får tru dette var nok info. I denne omgang. Men skulle det væra noko de lurer på, så ta endeleg kontakt.
Kristin for Kjellarstova.