Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Barnehage / Barnehagar / Prestmarka barnehage

Avdelingar: 
1 avdeling 5 år

2 avdelingar 3-4 år

3 avdelingar 0-3 år


Opningstid: 07.30-16.30 fem dagar pr. veke. Kan avtale levering kl.07.00 

Hovudbarnehagen er plassert i sentrum av Manger. Dalestova ligg ca 10 min kjøring frå Manger mot Knarvik på Dale. I gangavstand frå barnehagen ligg Manger barneskule, Radøy ungdomsskule, Radøyhallen, kyrkja, biblioteket, Manger folkehøgskule, Velferdssenteret, politi, brannstasjon, post, bank og butikksenter. Det er òg lege- og tannlegekontor i litt lengre gangavstand. Ein har òg tilgang på naturområde som Steppena, området rundt ungdomsskulen/Nesvatnet, bøkeskogen, idrettsbana, fjella o.l. Den sentrale plasseringa gjev høve til varierte opplevingar i kvardagen.

Utearealet  rundt barnehagen kan trygt seiast å vera mellom dei beste; her er store flater til leik, oljegrusa del til sykkelbruk, småkupert og urørt terreng. Fysisk utfalding og rolleleik trivst i slike omgjevnader. Samstundes med utvidinga vart det gjort ei skikkeleg oppgradering på uteleikeplassen. I tillegg fekk me utvida området vårt. So no er me godt fornøgde med uteplassen vår!
 

Sist oppdatert: 24.08.2011

Nyhende frå Prestmarka barnehage

28.03.2012  Påskekyllingar i barnehagen
I Prestmarka barnehage på Manger har me i år ruga ut kyllingar til påske. Me har ein liten rugemaskin som me sette opp 21 dg før me ville at kyllingane skulle klekka. Me snudde egga to ganger for dagen og passa på at dei hadde riktig tempratur og rik

17.01.2012  Foreldreinfo Januar 2012
20.12.2011  Jula i barnehagen
20.09.2011  Foreldremøte 27.09.11
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Prestmarka barnehage
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Radøyvegen 1676

Tlf: 56 34 90 66
E-post: rita.v.amundsen@radoy.kommune.no
Radøyvegen 1676

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no