Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Barnehage / Barnehagar / Bø barnehage / Om barnehagen

Avdelingar:

Krypinn     0-2år
Bjørnehiet 1-2år
Ulvehiet    2-4 år
Revehiet   4-6 år
Opningstid: 07.00-16.30 fem dagar pr. veke

Leiar: Gro Håland

KORT HISTORIKK

Bø barnehage ligg sentralt til i Bøvågen nord på Radøy med tidlegare Hordabøheimen og Hordabø skule som næraste naboar.

Barnehagen vart starta som barnepark av husmorlaget i krinsen i 1974 og vart korttidsbarnehage i 1976.

Opningstida vart gradvis utvida og i 1987, omlag samstundes som barnehagen vart kommunal, vart det fulltidssbarnehage på Bø. Barnehagen heldt i denne tida til i 1. etasje i kommunehuset på Bø.

«Nye» Bø barnehage vart offisielt opna i januar 1990. Barnehagetilbodet vart då utvida med to avdelingar, ei av dei småbarnsavdeling.

Då 6-åringane gjekk over i skulen frå hausten 1997 vart avdelinga i kommunehuset nedlagt, men i 2004 var presset på barnehageplassar på Bø igjen så stort at vi måtte pusse opp og opne opp att denne avdelinga. Etter nokre år med tre avdelingar vart pågangen av søkjara så stort at me opna ny avdeling i ein av trygdebustadane rett over vegen.

Bø barnehage har idag fire avdelingar, Bjørnehiet, Revehiet, Ulvehiet og Krypinn.  Barnehagen er godt utstyrt med fokus på krokar og smårom for å gje borna ro i ymse aktivitetar som rolleleik, forming, høgtlesing og lytting til musikk. Vi jobbar heile tida med å utvikle barnehagen slik at rammebetingelsene skal vera så godt tilpassa barnegruppene som mogleg


UTEOMRÅDE OG NÆRMILJØ

Barnehagen har rike turmuligheter i nærmiljøet, både i skog og mark og til sjøen.

Av næringsliv i nærmiljøet kan nemnast Stabburet marine produkter, Stevnebø byggevarer, ICA Bøvågen senter i tillegg til ein del gardsbruk og Hordabø kyrkje. Radøy kunstsenter er og ein del av barnehagen sitt nærmiljø.

Vi ønskjer å forma uteområdet slik at vi har eit utemiljø som oppmodar til allsidig leik og aktivitet. Vi jobbar for tida med å gjera området enno betre eigna til dette føremålet.

Sist oppdatert: 30.08.2010
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Bø barnehage
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Nordbøvegen 65

Tlf: 56 37 01 55
E-post: gro.haland@radoy.kommune.no
Besøksadresse: Nordbøvegen 67

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no