Temaet vårt dette året er verdensrommet. Vi ville utforska litt meir på stjernehimmelen, og var så heldig å få låna ein stjernekikkert. Det måtte vere mørkt ute, så me inviterte til stjernefest ein mandag kl. 17.45.
Stjernekikkerten var på plass, men det var litt overskya og vanskeleg å finna stjerner. Både foreldre og barn vart delt inn i grupper, dei ulike gruppene hadde planetnamn og førskuleborna var gruppeleiar for kvar si gruppe. Kvar gruppe måtte leita etter 10 refleks som var gøymt rundt på uteområdet. Dei fekk lov til å bruka lommelykter. På kvar refleks var det festa ein bokstav, desse bokstavane skulle enda i ord. Når rett løysingsord vart levert fekk ein gå inn og varma seg. Inne vart det servert bollar, "månelappar", frukt og drikka. Me kosa oss i lag. Det vart litt tid igjen til å leika i barnehagen, og til å sjå på alt det flotte arbeidet borna har gjort i samband med tema. Dette var ein veldig kjekk kveld!
Sist oppdatert: 21.02.2011