Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Barnehage / Barnehagar / Austebygd barnehage / Meir om barnehagen

Austebygd barnehage ligg på nord-austsida av øya Radøy. Barnehagen sitt naturlege dekningsområde strekkjer seg frå Sletta i sør til Mjøs og Straume i nord.

Barnehagen har ei utvida avdeling, med 24 plassar for born i alderen 2-5 år. Opningstidene er måndag til fredag 07.30-16.30.

Austebygd barnehage flytta i 1998 inn i nye, trivelege lokale ved Austebygd skule. I barnehagebygget finn me også gymnastikksal og eit stort, fint kjøkken, som vert nytta både av barnehagen og som skulekjøkken. Frå 1998 har Austebygd skule og Austebygd barnehage hatt felles administrasjon, slik at rektor også er styrar i barnehagen. Med så tett tilknyting, både fysisk og administrativt, legg skulen og barnehagen vekt på å ha eit nært og godt samarbeid gjennom heile året, m.a. med ein heil del felles aktivitetar og opplevingar.

Uteområdet ved skulen og barnehagen er rusta opp, og borna har eit flott utemiljø å leika seg på. Barnehagen har også gode turområde i nærmiljøet, både i skog og mark.

Sist oppdatert: 11.01.2012
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Austebygd skule og barnehage
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Slettevegen 872

Tlf: 56 37 21 40 (barnehage)
Tlf: 56 37 20 46 (styrar)
Fax: 56 37 22 40
E-post til barnehagen

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no