Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Ungdom / Miljøarbeidar

Stillinga vart oppretta i januar 2000, med bakgrunn i ein auke av psykososiale vanskar blant born og unge. Stillinga er knytt til Radøy ungdomsskule, psykiatritenesta i Radøy og Radøy ungdomsklubb. 

Arbeidsoppgåvene er mange:

  • jobbe aktivt saman med ungdomane for å skape gode, rusfrie møteplassar på fritida.
  • jobbe saman med elevrådet for å skape gode og meiningsfylte friminutt-aktivitetar på skulen, med fokus på god trivsel for alle.
  • vere kontaktperson for elevrådet.
  • vere kontaktperson for ungdomsrådet.
  • vere med i helseteamet ved skulen.
  • vere koordinator for skulen sitt arbeid mot mobbing.
  • vere ein ”ikkje-skulsk” vaksenperson i skulemiljøet – ein god samtalepartnar for elevar som slit med psykososiale vanskar og intrigar.
  • vere ein nær samarbeidspartnar for sosiallærar, rektor og skulehelsesøster.
Sist oppdatert: 05.09.2009
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no