Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Skule

Radøy kommune sitt barnesyn ligg til grunn for alt arbeid med barn og unge, og det er forpliktande for alle som er tilsette i kommunen.
Vårt barnesyn er:
- Alle barn har rett til omsorg og trygg oppvekst
- Barndom og ungdom har eigenverdi; det er ikkje berre steg mot vaksen alder
- Barn sine oppvekstvilkår er viktige for alle deler av befolkninga
- Læring og utvikling krev eigeninnsats.

Radøy kommune har fire barneskular, ein i kvar skulekrins, og felles undomsskule for heile kommunen.

Musikk- og kulturskulen gjev tilbod i 3 av skulekrinsane innafor musikk for elevar frå 3 år og oppover. Vi har førebels eit kunst-tilbod på Hordabø, men tilbodet innan andre kunstartar enn musikk er under utvikling.

Vaksenopplæringa gjev først og fremst tilbod om norskopplæring for vaksne innvandrarar, men tilbyr også ein del andre tenester

Radøy PPT, den pedagogisk psykologiske tenesta, er plassert på Manger, som ein del av Barne- og Familietenesta.

Manger folkehøgskule vert eigd og drive av Hordaland fylkeskommune. Skulen har liner for hest, folkedans, lyd og musikk (brass band), ligg i Radøy kommune. Næraste allmenn- og yrkesfaglege skular er på Austrheim og i Knarvik, som ligg ca. 2,5 mil frå Manger. 

Sist oppdatert: 05.09.2009
Kontakt oss

Radøy kommune
Krossvegen 8
5936 Manger
Tlf: 56 34 90 00
Fax: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no