Beskrivelse
Tenesta gir hjelp til heimebuande med psykiske lidingar. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing, både til den sjuke og til pårørande, hjelp til medisinhandtering med meir. Søkjaren kan ha behov for individuell plan.
Psykiatritenesta i Radøy er organisert i Barne og Familietenesta.
Leiar for Barne- og familietenesta er Karolina Vaktskjold, som også er leiar for psykiatritenesta.
Tenesta er i hovedsak på dagtid. Opningstid er: 08.30-15.00
Vi har beredskapsvakt mandag- fredag kl. 18.00- 22.00
Kontakttelefon er Nordhordland legevakt 56 35 10 03
Tilbod:
- Støttesamtalar
- Bistand i bustad
- Hjelp til administrering av medisiner, i samarbeid med fastlege
- Sosial trening
- Hjelp ved kriser
- Støtte til pårørande
- Dagsenter - Møteplassen Tirsdag og Torsdag kl. 10.00- 15.00
- Omsorgsbustader
- Støttekontaktar
Dei tilsette i psykiatritenesta arbeider i eit team.
Bakgrunnen er tverrfagleg både når det gjelder erfaring og utdanning.
Vi som arbeider i psykiatritenesta har teieplikt som alt anna helsepersonell.
Dei som får tilbod i psykiatritenesta får ein hovudkontakt.
Personar med behov for langvarige og koordinerte tenester kan ha rett til ein individuell plan (IP)
Psykiatritenesta vil etter samtykke med brukar samarbeide med helse-og sosialtenesta i kommunen, spesialisthelsetenesta og NAV.
Vi tar imot søknader via fastlege, sjukehus eller direkte frå brukar.
Vi ber alltid om samtykke til å samarbeida med fastlege.
Målgruppe
Heimebuande med psykiske lidingar.
Vilkår
Du må opphalde deg i kommunen. Søknaden blir vurdert opp mot ditt behov for tenesta.
Veiledning
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om psykiske helsetenester.
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandling
Kommunen har plikt til å behandle sak så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.