Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Jordmor / Svangerskapsomsorg

Beskrivelse

Svangerskapskontroll på helsestasjonen (jordmorteneste) er først og fremst eit tilbod til gravide for å bidra til god helse under svangerskapet. Kommunen skal tilby helseundersøkingar, rådgjeving, opplysingsverksemd og samlivs- og foreldrerettleiing. (I denne samanhengen kan ein tilby fødsels- og foreldreførebuande kurs for å styrkje foreldra sine kunnskapar og tryggleik om graviditet, fødsel og barselstid.)

Svangerskapskontroll
I Radøy er det tilbod om svangerskapskontroll hjå jordmor og lege.

Du finn dei i Helsehuset på Manger.
Jordmor har kontor på  Manger helsestasjon.
Legane i Radøy har kontor på Radøy legesenter

 

Målgruppe

Gravide

Vilkår

Graviditet

Pris

Tenesta er gratis.

Veiledning

Du treng ikkje å søkje om å få svangerskapskontroll. Du kan vende deg til den helsestasjonen du soknar til for å tinge ein time.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

Annet

Kontakt oss

Jordmortenesta
Solhallvegen 1
5936 Manger
Tlf: 56 34 90 92


Vaktsamarbeid i Nordhordland - Døgnvakt
Tlf: 56 35 10 03

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no