Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Jordmor

Jordmortenesta i Radøy  er organisert i Barne-og familietenesta.

Fagleiar er Else Marie S. Dale

Svangerskapsomsorg
Kommunen har plikt til å tilby gravide kvinner som ynskjer det tilbod om svangerskapsomsorg hjå jordmor. Den friske gravide kan sjølv velgja om ho vil fylgjast opp av fastlege eller jordmor i svangerskapet, eller gjennom eit samarbeid mellom jordmor og fastlege.

 I Radøy  har jordmor og fastlege eit samarbeid som er lagt opp etter dei nasjonale rettningslinjene. Det inneber 8 kontrollar i tillegg til ultralydundersøking.
Dei gravide som har behov for det, vil bli henvist til kontroll eller oppfylgjing av spesialist, eller få  tettare oppfylgjing av jordmor og/eller fastlege.

Jordmor sitt arbeidsområde:
• .samtale, råd og veiledning om tema innan helse, livsstil og graviditet
• Helsekontroll under graviditeten
• Henvisning ved behov
• Førebuing til amming, fødsel og foreldreskap
• Hjelp til familieplanlegging/valg av prevensjon.

Føllingprøve
Jordmor tek Føllingprøver og vektkontroll av dei  som reiser tidleg heim frå klinikken.

Godt samliv, parkurs for førstegongsforeldre.
Jordmor og prest Kjell Sekkingstad  samarbeider om desse kursa. Påmelding: 56349280

Vaktberedskap
Jordmor deltek i døgnkontinuerleg vaktberedskap og fylgjeteneste  for gravide.
Vakthavande jordmor gir råd og veiledning som gjeld svangerskap og fødsel, og gir hjelp når fødsel tek til. Tlf: Norhordland legevakt 56 35 10 03.

Sist oppdatert: 02.02.2011
Kontakt oss

Jordmortenesta
Solhallvegen 1
5936 Manger
Tlf: 56 34 90 92


Vaktsamarbeid i Nordhordland - Døgnvakt
Tlf: 56 35 10 03

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no