Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Beskrivelse

I tenesta kan inngå grunnvaksine, influensavaksine, reisevaksinar, råd om vaksinasjonar før utanlandsreiser og råd ved mistanke om smittefarleg sjukdom.

Målgruppe

Innbyggjarane i kommunen.

  • Influensavaksine: spesielt eldre og personar med (kronisk) hjarte- og lungeliding
  • Grunnvaksine for born: sjå tenesta Helsestasjon

Pris

Du må betale ein eigendel for nokre vaksinar. Grunnvaksine for born er gratis.

Veiledning

Du kan tinge time for vaksinasjon hos fastlegen eller på helsestasjonen.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

Vedtak etter smittevernlova kan klagast inn til Fylkesmannen.

Annet

Kontakt oss

Barne- og familietenesta
Radøyvegen 1625 B
5936 Manger
Tlf: 56 34 92 80
Fax: 56 37 34 05
E-post
Kart

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no