Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Familievernkontor

Beskrivelse

Familievernkontoret gir deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling 

  • ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
  • når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/barna eller samvær

Det er familievernkontor i alle fylka. Dei er anten statlege eller kyrkjelege, men det same lovverket gjeld for alle og det er Barne- , likestillings- og inkluderingsdepartementet som godkjenner dei. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt.P>

Radøy kommune har ikkje eige familievernkontor. Ta kontakt med Biskopshavn Kirkens Familierådgivning, Skuldveien 2, 5043 Bergen, tlf. 55 25 11 50.

Førstegongsforeldre kan delta på kurset Godt samliv. Jordmor og sokneprest Kjell Sekkingstad  samarbeider om desse kursa. Påmelding: 56349280


 

Målgruppe

Enkeltpersonar, par og familiar – unge og eldre

Pris

Tilbodet er gratis.

Samarbeidspartnere

Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurset for nybakte foreldre, ”Godt samliv” (sjå eiga tenesteomtale - Samlivskurs). Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skolar, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.

Annet

Kontakt oss

Biskopshavn Kirkens Familierådgivning
Skuldveien 2
5043 Bergen
Tlf. 55 25 11 50

Beslektede tjenester

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no