Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Familie og born / Barnevern / Verjemål

Beskrivelse

Føremålet med bruk av verje er å verne og hjelpe personar som ikkje kan ivareta dei rettslege og økonomiske interessene sine godt nok. Den som blir umyndiggjort, skal ha verje. Ved andre tilfelle enn umyndiggjering blir det oppnemnt ei hjelpeverje. Mandatet for hjelpeverja skal vere avgrensa til det den myndige ikkje klarar sjølv. 

Overformynderiet i kvar kommune oppnemner og fører tilsyn med verja og forvaltar den umyndige sine midlar dersom dei overstig kr 75 000. Midlar under kr 75 000 blir forvalta av verja når ikkje anna er bestemt. Myndigheitsområdet for ei hjelpeverjes blir fastsett ved oppnemninga. Det skal ikkje gjerast meir omfattande enn nødvendig.

Målgruppe

Mindreårige, umyndiggjorte og myndige personar som på grunn av sinnsliding, andre psykiske forstyrringar, senil demens, psykisk utviklingshemming eller fysisk funksjonshemming ikkje kan passe sine eigne tarver.

Vilkår

Den som har foreldreansvaret, er automatisk verje for mindreårige. For umyndiggjorte blir det oppnemnt verje i samband med umyndiggjeringssaka. For å få oppnemnd hjelpeverje må dette liggje føre:
  • krav om oppnemning frå for eksempel nære pårørande eller ansvarshavande lege eller tilsynslege ved institusjon der vedkommande er innlagd
  • tilfredsstillande legeerklæring om at vedkommande på grunn av sinnsliding, andre psykiske forstyrringar, senil demens, psykisk utviklingshemming eller fysisk funksjonshemming ikkje kan passe si eiga tarv
  • samtykke frå den som skal ha oppnemnd hjelpeverje dersom det ikkje går fram av legeerklæringa at innhenting av samtykke er umogleg eller av særlege grunnar utilrådeleg

Klage

Dersom du ikkje er tilfreds med avgjerda i verjemålssaker, for eksempel når det gjeld utnemning av verje, kan du klage på avgjerda innan tre veker etter at du har mottatt underretninga. Klaga sendast til Fylkesmannen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Har Fylkesmannen tatt avgjerda i første instans, vil Justisdepartementet vere klageinstans.

Annet

Kontakt oss

Barne- og familietenesta
Radøyvegen 1625 B
5936 Manger
Tlf: 56 34 92 80
Fax: 56 37 34 05
E-post
Kart

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no