Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Eksempel er råd og rettleiing, støttekontakt, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak.
Tiltaka kan treffast overfor barn under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak som er sette i verk før barnet har fylt 18 år, halde fram eller bli erstatta av andre tiltak fram til barnet har fylt 23 år.
Behov for hjelpetiltak må vere dokumentert.
Alle (foreldre, vener, grannar, barnehage/skule, helsestasjon, osb.) som ser at eit barn har særleg behov for det, kan melde frå til barnevernstenesta om at barnet treng eit hjelpetiltak.
Barnevernstenesta skal skaffe seg dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan velje å engasjere en sakkyndig person til å greie ut meir om saka. I så fall skal rapporten frå den sakkyndige sendast til Barnesakkyndig kommisjon til vurdering. Kommisjonen si vurdering av rapporten skal vere mottatt av barnevernstenesta før det blir gjort viktige avgjerder i saka.
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om barnet/familien har fått tildelt tjenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Barne- og familietenestaRadøyvegen 1625 B5936 MangerTlf: 56 34 92 80Fax: 56 37 34 05E-post Kart