Beskrivelse
Når du adopterer eit barn, tar du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillinga som om barnet hadde vore ditt biologiske barn. Rettsforholdet til barnet sin opprinnelege familie opphøyrer.
Adopsjon av norske born innanlands kan starte på ulike måtar, og mange situasjonar kan føre til adopsjon. Eit barn kan bli adoptert av stefaren sin, stemora si eller fosterforeldra.
Adopsjonslova er ikkje til hinder for at det blir gjennomført adopsjon av ein vaksen person. Det blir ført ein streng praksis, særleg der det ikkje kan visast til at søkjaren har oppfostra barnet frå barneåra og adopsjon legaliserer eit faktisk foreldre-barn-forhold.
Det er mogleg å bli registrert som adoptivsøkjarar til eit barn der foreldra samtykker til adopsjon. Eit fåtall små born blir tildelt ny familie etter at mor, eventuelt også far, har bede om hjelp til å adoptere bort barnet.
Dei fleste adopsjonar som blir gjennomførte i dag, dreier seg om adopsjon av born frå utlandet. Slik adopsjon startar med ein søknad om førehandssamtykke til å adoptere eit barn frå utlandet. Inntil adopsjonssøknaden blir sendt ut av landet, kan søkjarane òg vere registrerte som adoptivsøkjarar innanlands.
Vilkår
Eit grunnleggjande vilkår for å gjennomføre ein adopsjon er at adopsjonen skal vere til gagn for barnet. Barne-, ungdoms- og familiedepartementet har utforma retningsliner med barnets beste for auget: Til vanleg blir det ikkje gjeve godkjenning til søkjarar over 45 år.
Generelt gjev det born større tryggleik å ha to foreldre enn éin. Ved adopsjonssøknad frå einslege blir det vurdert om søkjaren har spesielle ressursar i forhold til born.
Adoptivsøkjarane må ha god helse både fysisk og psykisk. Samstundes må det etter ein konkret vurdering leggjast vekt på at foreldra skal utgjere ei omsorgseining. Trygg og stabil økonomi blir vektlagt. Det er eit ufråvikeleg krav at dei som søkjer om adopsjon saman, er gifte med kvarandre. At paret også har vore sambuande skal tilleggjast vekt. For at forholdet skal ha vist stabiliet, blir det kravt minimum to års sambuar-/ekteskapstid. Utanlandske krav kan avvike frå norske krav.
Organisasjonane som formidlar born med tanke på adopsjon, gjev råd og rettleiing om val av land.
Samarbeidspartnere
Barne-, ungdoms- og familieetaten har godkjent tre norske formidlingsorganisasjonar som òg er godkjende i aktuelle utland. Det er
Veiledning
Hovuddokumentet i adopsjonssøknaden er ein utfylt søknad om adopsjon, skjema Q-0296. Skjemaet skal brukast ved alle typar adopsjonssøknader. Ved parallelle søknader om born innanlands og utanlands blir det førebudd to søknadssett. Kommunen kan gje råd og rettleiing om søknaden. Kommunen greier ut søknad om førehandssamtykke til adopsjon av born frå utlandet og søknad om å bli registrert som adoptivsøkjar til eit norsk barn. Etter at du er intervjua, utformar kommunen ein sosialrapport. I slike tilfelle skal du difor først sende søknaden om adopsjon til kommunen. Du vender deg òg til kommunen når det gjeld blankettar for eigenmelding og legeerklæring om helsa.
Du kan kontakte ei adopsjonsforeining (sjå over) for informasjon og teikning av medlemskap. Stadfesting på at éi av desse har påtatt seg å formidle adopsjon, er eitt av vedlegga som skal liggje føre før kommunen ekspederer søknaden vidare.
I så godt som alle saker krev norske styresmakter at adopsjon av born frå utlandet må skje gjennom ei av desse tre adopsjonsforeiningane.
Du kan kontakte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), sekretariatet for Faglig utvalg for adopsjonssaker, om søknad om å bli registrert som adoptivsøkjar innanlands. Telefon 24 04 40 00,
post@bufdir.no.
Vedlegg
Skjemaet inneheld ei oversikt over kva for dokument som skal følgje søknaden. Dokument som er utarbeidde med formålet adopsjon, skal sendast i original versjon. Andre vedlegg kan sendast som kopi dersom kopien er stadfesta av offentleg tenestemann eller advokat.
Barnevernstenesta intervjuer søkjarane, utformar sosialrapport, gjev tilråding og oversender saka til Bufetats regionkontor. Regionkontoret er den statlege, regionale adopsjonsstyresmakta som gjer vedtak i dei fleste adopsjonssakene.
Klage
Eventuell klage sendast via regionkontoret, men må stilast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Klagefristen er tre veker frå eit eventuelt avslag er mottatt. Sjå òg
www.bufetat.no.