Manger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Etter kvart vart sokna Herdla, Hjelme, Sæbø og Hordabø delte i frå til eigne sjølvstendige heradskommunar. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Hordabø.
Arkivet til Radøy kommune omfattar arkivmateriale frå Radøy, Manger, Hordabø og Sæbø kommunar. Den delen av arkivmateriale som er frå perioden 1837-1964, vert oppbevart hjå Interkommunalt arkiv i Hordaland, som heldt til i Bergen. Interesserte kan får tilgang til materialet der.
Radøy kommune har i dag eit delvis sentralisert fellesarkiv. Fellesarkivet på Rådhuset har arkivmateriale frå alle avdelingane på Rådhuset, samt ein del materiale frå einingane. Ved å kontakta Sørvistorget kan publikum nytta den delen av arkivamaterialet som er offentleg tilgjengeleg. Det er også mogleg å be om innsyn i dokument som ikkje er offentleg tilgjengelege. Les meir om dette under innsynsrett i offentlege dokument i menyen til venstre.
Dersom ein ynskjer tilgang til personmapper, må ein ta kontakt med dei aktuelle einingane.
Privatarkiv
Radøy kommune oppbevarer nokre få privatarkiv. Me vil leggja ut meir informasjon om desse, når arkivsakene er katalogiserte. Dersom du ynskjer å avlevera eller deponera arkivmateriale til Radøy kommune, ber me deg ta kontakt med arkivleiaren i kommunen på tlf. 56 34 90 00.
Digitalisert materiale
Statsarkivet i Bergen har skanna dei eldste formannskapsprotokollane frå Manger kommune. Desse er gjort tilgjengeleg i Digitalarkivet. Av andre kjelder som t.d. kyrkjebøker, folketeljingar og lister over utvandra personar, som særleg er interessant for sleksgranskarar, finst også i Digitalarkivet.