Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Publikasjonar / Gards- og ættesoge for Radøy

Bygdeboka - Radøy gjennom tidene b. 1Radøy kommune gjev ut gards- og ættesoga Radøy gjennom tidene. Dette bokverket er ei soge med vekt på det historiske stoffet. Her finn du både slekter og historiske fakta, og mange godbitar og interessante glimt frå farne tider. Forfattar er Anders Haugland, som er lektor med hovudfag i historie. Anders Haugland er frå Ølen i Vindafjord kommune i Rogaland, men ættar frå Radøy.

Bygdeboka kan kjøpast hjå lokale bokhandlarar i Nordhordland og Bergen, eller på Kultur- og sørvistorget i Radøy kommune. Pris pr. bind er 500 kroner. Me tar ikkje betalt for porto ved utsending.

Det er planlagt fem bind:

  • Bind 1 kom i 2006, og dekkjer gardsnr. 14 Soltveit - gardsnr. 26 Listveiten.

  • Bind 2 kom i 2008 og dekkjer gardsnr. 27 Kvalheim øvre-gardsnr. 41 Birkeland.

  • Bind 3 kom i 2010 og dekkjer gardsnr. 42 Flonæ til gardsnr. 62 Kolås.

  • Bind 4 kjem hausten 2012 og skal etter planen ha med gardsnr. 63 Marås-gardsnr. 88 Sæbø Ytre.

  • Bind 5 kjem hausten 2014 og skal ha med gardsnr. 89 Kvamme-gardsnr. 103 Rådmannsøy.

Om bind 1 skriv førsteamanuensis Vidar Haslum i ei bokmelding i heimen mellom anna:

"Det første vi legger merke til med Radøy-boka, er den uvanlig store grafiske påkostning som her er lagt ned. Men de mange praktfulle fargeillustrasjonene er så visst ikke bare utnyttet i estetisk øyemed. Hos forfatteren Anders Haugland blir illustrasjonene en viktig del av den berettende helheten. Ellers er det først og fremst i en nøye gjennomtenkt syntese av eiendomshistorie og økonomisk historie at den større sammenhengen blir til. Anders Haugland er en glimrende forteller med et reflektert overblikk, samstundes som han har et skarpt blikk for nærmiljøets mangfold av hendelser og små ting. "Radøy gjennom tidene bind 1" er et imponerende verk på mange vis. Her er det mye for andre å lære."

 

Sist oppdatert: 19.10.2007
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no