Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Prisar, gebyr og eigenbetaling / Ofte stilte spørsmål om kommunale gebyr

Kvifor skal eg betala feiegebyr – vi brukar aldri ovnen?
Feie/branntilsynsgebyret skal i utgangspunktet betalast av alle som har eldstad/pipe i huset, sjølv om bruken er liten eller ingen. Feiing skal gjerast etter fyringsmønsteret i kvart hus, men likevel slik at feiing minst skal skje kvart fjerde år. 

Kvifor må eg betala feiegebyr kvart år, sjølv om feiing berre skjer kvart fjerde år?
Feie/branntilsynsgebyret er eit årleg gebyr, og er det same uansett om feiing skjer kvart år eller kvart fjerde år. Gebyret skal også dekka branntilsyn, som vert utført i tillegg til feiing.

Det har gått fleire år sidan førre feiing – kvifor skal eg då betala?
Dersom det ikkje har vore branntilsyn eller feiing på meir enn fire år, kan du senda skriftleg klage til kommunen på dette.

Eg har fått varmepumpe, og den gamle omnen er kobla frå. Då treng eg vel ikkje betala feiegebyr?
Dersom den gamle omnen er kobla frå pipa, kan du senda skriftleg søknad om fritak frå feiegebyr. Det må leggjast ved stadfesting frå godkjent selskap om at fråkoblinga er gjort.

Vi kjøpte huset i oktober, og har no fått rekning på kommunale gebyr for 3. termin, altså for perioden september til desember. Skal ikkje tidlegare eigar betala for den perioden han eigde huset?
Den som er eigar av eigedomen, er ansvarleg for betaling av kommunale gebyr. Dersom det ikkje er teke høgde for  påløpte kommunale gebyr ved salsoppgjeret, er det altså kjøparen som er ansvarleg, sjølv om gebyret gjeld perioden før overtakinga.

Eg bur åleine og brukar lite vatn, og synest at vassgebyret er for høgt. Kan eg betala etter forbruk?
Det er råd å betala etter forbruk, men då må det installerast vassmålar. Dette må gjerast av autorisert installatør, og du må sjølv betala kostnaden ved målar og installasjon. Dersom du får vassmålar installert, må du likevel betala minstegebyr. I praksis vil vassmålar såleis berre kunna løna seg for dei som har hus som er større enn 90m².

Gamlehuset står tomt, og eg vil ikkje betala gebyr for det. Korleis kan eg ordna det?
Då må vatnet koblast frå, noko som må gjerast av autorisert rørleggjar. Når kommunen får melding frå rørleggjaren om at fråkoblinga er utført, vert vassgebyr og evt kloakkgebyr stoppa.

Er det same vassavgift for hytte som for hus?
Det er same avgift. Avgifta er berre regulert utifrå storleik på bustaden både når det gjeld vatn og avlaup.

 

Sist oppdatert: 18.11.2009
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no