Må eg røyste elektronisk?
Det vil berre vere mogleg å røyste elektronisk i perioden for førehandsrøystinga og er eit tilbod som kjem i tillegg til det vanlege papirbaserte valet. Det inneber at veljarane sjølve kan avgjere om dei vil førehandsrøyste elektronisk eller om dei vil røyste med vanleg papirrøystesetel.
Kven kan røyste elektronisk i Radøy kommune?
Alle som har røysterett ved kommunestyre- og/eller fylkestingsvalet i Radøy kommune kan førehandsrøyste elektronisk. For å kunne røyste elektronisk må du logge på med den offentlege påloggings ID MinID, Les meir om mi side og minID, eller nytte buypass.
Kvifor ønskjer Radøy kommune å delta i forsøket?
Radøy kommune ønskjer å vera med i e-val prosjektet av fleire grunnar. Administrasjonen har dei siste åra lagt stor vekt på gode heimesider og oppdatert informasjon til innbyggjarane. Interesserte og kunnskapsrike medarbeidarar hadde lyst til å vera med på e-val prosjektet, både den valadministrative delen og internettdelen. Formannskapet ønskjer å støtta dette engasjementet, og meiner i tillegg at Noreg med sine ressursar bør vera eit føregangsland når det gjeld å utvikla valløysingar tilpassa ny teknologi.
Formannskapet har visse reservasjonar mot internettval, men ser at det må gjerast forsøk for å få fram fakta før internettval skal handsamast av Stortinget. Når kommunen ikkje har nokon økonomisk risiko knytt til mogeleg omval, ser Radøy kommune engasjert fram til å vera med i e-val-prosjektet.
Folkerøysting våren 2011
Radøy kommune skal saman med KRD teste ut elektronisk røystegjeving og i byrjinga av mars vart det gjennomført ei folkerøysting. Les meir
Radøy kommune har vore med i prosjektet sidan februar 2010 og vil halda fram til desember 2011. Alle utgiftene ved prosjektet vert dekka av departementet, kommunen dekkjer utarbeiding og iverksetjing av lokale rutiner.
Dei 9 andre kommunane som er med i prosjektet er:
Bodø, Bremanger, Hammerfest, Mandal, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn og Ålesund kommune.
Har du spørsmål?
Kontakt Sveinung Kvamme 56349040 eller Lin Tove Thomassen på tlf 56349011
Lenkjer:
• www.evalg.dep.no
• Forsøkskommunane
Du kan også følgje prosjektet på twitter og facebook
Tidlegare nyhende om prosjektet:
Radøy får delta
KRD til rådhuset
Valstyret vert informert om e-val prosjektet