Manntalet for Radøy til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 er no lagt ut til offentleg ettersyn på kultur- og sørvistorget på rådhuset og på biblioteket.
For å kunna røysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 må du stå i manntalet. For å kunna røysta ved sametingsvalet må du stå i Sametinget sitt manntal. Du kan finna ut om du står i manntalet i Radøy ved å kontrollera manntalslistene som er lagt ut til offentleg ettersyn på kultur- og sørvistorget på rådhuset på Manger og på biblioteket (sjå opningstider). Ordninga med å sjekka eiga manntallsoppføring på nett vert klar i veke 31.
Har du flytta frå kommunen og folkeregisteret utan at folkeregisteret har fått melding om dette innan 30. juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Feil i manntalet?Dersom du meiner at du sjølv eller andre uriktig er innført eller utelaten frå manntalet, kan du kreva at valstyret rettar opp feilen. Krav om retting gjeld i høve til feil, ikkje flyttingar etter 30. juni 2011. Krav om rettingar skal vera grunngjevne skriftleg og skal sendast Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger. FørehandsrøystingI tida frå 10. august til 9. september kan ein førehandsrøysta på rådhuset på Manger. Alle som er førte i manntalet i Radøy kan også, som ein del av prosjekt e-val, røysta på internett. På valdagen 12. september kan du berre røysta i røystelokale i eigen kommune.
TidlegrøystingDei som ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære førehandsstemmeperioden eller på valdagen, kan frå 1. juli til 9. august avgje tidlegstemme. Ønskjer du å stemme så tidlig, må du ta kontakt med Radøy kommune for å få informasjon om kvar og til kva tid stemmegjevinga kan skje. Radøy kommune har vallokalet på kultur- og sørvistorget i tidlegrøysteperioden.
Radøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01e-post: postmottaket@radoy.kommune.no