Radøy kommune er ein av 10 kommunar som er vald ut til å delta i forsøk med elektronisk røysting ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011. I den samanheng skal Radøy gjennomføre eit prøveval, dvs. ein test av det elektroniske systemet i perioden 4. - 7. mars 2011.
Tema for folkerøystinga er kommunestrukturen i Nordhordland og spørsmålet du skal svare på er:
Bør Radøy gå inn i ein ny kommune i Nordhordland?
Med svaralternativa JA, NEI og BLANK
Kven kan røyste?
Alle som er folkeregistrert i Radøy kommune pr 14.2.2011 og som har stemmerett ved kommunestyrevalget i 2011 kan delta. Dei som oppfyller desse krava og er født før 31.12.1993 kan delta i folkerøystinga.
Dersom du er usikker på om du kan røyste ved valet, ta kontakt med kommunen på tlf. 56349000 eller e-post: postmottak@radoy.kommune.no.
Når og kvar kan eg røyste?
I tida mellom fredag 4. mars kl. 08.30 til søndag 6. mars kl. 24.00 kan du røyste når du vil, og frå kva som helst pc som er kopla til Internett. Like før folkerøystinga tek til vil det kome fram ei lenke her på kommunen si nettside. Trykk på denne og logg deg inn via MinID.
Fredag 4. mars kan du førehandsrøyste på kultur- og sørvistorget i tida 08.30-19.00. Du kan røyste elektronisk eller på papir.
Fredag 4. mars kan du røyste på Velferdssenteret på papir i tida 10.30- 12.30
Måndag 7. mars kan du røyste ved skulane Austebygd, Hordabø, Manger og Sæbø i tida 14.00-20.00. Du kan røyste elektronisk eller på papir. Ta med legitimasjon og valkort.
Personar som grunna sjukdom eller uførleik har vanskar med å ta seg til førehandsrøysting eller ordinært vallokale, kan ringe kultur- og sørvistorget 56349000 innan torsdag 3.mars for ambulerande røysting.
Viktig! Du må være registrert som brukar av MinID for å røyste via internett utanfor vallokalet.
Er du ikkje registrert som brukar av MinID, bør du gjere det i god tid før valet startar. Har du ikkje PIN-kode, kan du bestille hjå MinID: www.minid.difi.no. Det tek nokre dagar før du får tilsendt ny PIN-kode i posten.
Dersom du er usikker på om du er registrert som brukar av MinID, kan du sjekke det ved å logge deg inn på: www.minid.difi.no.
Resultat
Informasjon om resultatet finn du i møteboka.
Følg hendinga på Facebook