Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Lokaldemokrati / Innbyggjarinitiativ

Beskrivelse

I eit demokratisk perspektiv er det viktig at innbyggjarane blir aktiviserte og trekte med i avgjerdsprosessar. Retten til å fremje forslag til behandling i kommunestyret eller fylkestinget kan bidra til ein betre dialog mellom dei politiske partia / dei folkevalde og veljarane i perioden mellom val. Retten kan også fremje interessa for avgjerdene og den prosessen som skjer i kommunestyret eller fylkestinget. Det er gjerne stor mobilisering rundt enkelte saker lokalt. Tanken er at initiativretten kan bidra til å kanalisere dette engasjementet inn i det politiske systemet.

Målgruppe

Innbyggjarar som er registrerte som busette i kommunen (dersom forslaget blir fremja overfor kommunen) eller i fylket (dersom forslaget blir fremja overfor fylkeskommunen). Forslag kan også fremjast av personar under 18 år.

Vilkår

Eit forslag må ha støtte frå minst to prosent av innbyggjarane. Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid nok.

I den same valperioden kan det ikkje fremjast forslag dersom dette har

  1. same innhaldet som eit tidlegare forslag som er fremja etter denne føresegna, eller
  2. same innhaldet som ei sak som er behandla av kommunestyret eller fylkestinget i løpet av valperioden

Sjølv om vilkåra for behandling av eit innbyggjarinitiativ ikkje er oppfylde, står kommunestyret/fylkestinget fritt til likevel å ta saka opp til behandling.

 

Veiledning

Ein må formulere eit forslag om det ein ønskjer kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til. Ta kontakt med kommunen for meir rettleiing. Blir forslaget avvist fordi dei formelle vilkåra for behandling ikkje er til stades, bør kommunen/fylkeskommunen opplyse initiativtakarane om kva som skal til for at forslaget skal bli akseptert til behandling.

Vedlegg

Støtta til forslaget må vere dokumentert med underskrifter. Det må klart gå fram at underskrivarane gir si støtte til det som forslaget går ut på.

Saksbehandling

Kommunestyret/fylkestinget skal ta stilling til eit forslag innan seks månader etter at det er blitt fremja. Tidsfristen gjeld ikkje dersom forslaget viser til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova. Initiativtakarane skal bli haldne orienterte om dei avgjerdene som blir tekne med bakgrunn i forslaget.

Kommunestyret eller fylkestinget må sjølv ta stilling til det forslaget som blir fremja.

Klage

Ein kan ikkje klage over alle vedtak om å avvise ei sak. Høvet til å klage gjeld berre dersom saka ville ha vore eit enkeltvedtak om ho hadde blitt realitetsbehandla.

Annet

Kontakt oss

Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00
Faks: 56 34 90 01
e-post: postmottaket@radoy.kommune.no

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no