Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd krev at alle kommunar har eigne eldreråd. Eldreråda skal vera eit rådgjevande organ i alle saker som gjeld levekåra til dei eldre.
Reglementet for Radøy eldreråd fastset mellom anna at eldrerådet skal ha følgjande saker til uttale:
a) Årsbudsjett
b) Langtidsbudsjett
c) Kommuneplan
d) Sektorplanar med særskilt interesse for eldre
I tillegg kan Eldrerådet sjølv ta opp saker som gjeld dei eldre i kommunen.
Kommunestyret oppnemner Eldrerådet i Radøy. Rådet skal ha seks medlemer med varamedlemer. Fleirtalet av medlemene skal vera alderspensjonistar. To medlemer og to varamedlemer vert valde blant medlemene i kommunestyret.
Radøy eldreråd har i perioden 2012-2015 følgjande samansetjing:
| Medlemer | Varamedlemer |
| Norvald Elvik (leiar) |
1. Kåre Færøy |
| Oddbjørg Dragøy (nestleiar) |
2. Kirsten Steindal |
| Magnar Klausen |
3. Arne Villanger |
| Borghild Baug |
4. Berit Kvalvik |
| |
|
| Frå kommunestyret: |
|
| Kirsti Gjetle Floen (Ap) |
1. Morgan Taule (Ap) |
| Oddmund Skjelvik (Sp) |
2. Ingvill Taule (Sp) |
| |
3. Jostein Dale |
| |
4. Eva Karin Klausen |
Årsmelding 2011
Sist oppdatert: 24.02.2012