Dei som står på venteliste må sende ny søknad. Me ber om at også dei som har søkt barnehageplass frå hausten før 20. januar 2012, sender ny søknad og nyttar søknadskjema for 2012/2013. Dei som allereie har plass, treng ikkje å søkja.
Søknad om ny plass/endra plass for barnehageåret 2012/2013
Søknad om ny plass/endra plass for barnehageåret 2011/2012
Vedlegg til søknad kan sendast Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger.
Dersom nokon ikkje har tilgang til internett eller manglar fødselsnummer, kan dei ta kontakt med kultur- og sørvistorget på rådhuset (tlf. 56 34 90 00) for å få hjelp.
Barnehagane i Radøy
Radøy kommune har fire kommunale barnehagar, som alle har ope fem dagar i veka.
- Austebygd barnehage 2-6 år på Sletta.
- Bø barnehage 1-6 år på Bø.
- Prestmarka barnehage 1-6 år på Manger og Dale.
- Sæbø barnehage 1-6 år i Austmarka.
Meir informasjon finn ein på heimesida til den enkelte barnehage.
Opptak
Radøy kommune gjennomfører samordna opptak for alle barnehagane i kommunen i samsvar med Lov om barnehager. Søknader til alle barnehagar i Radøy vert vurderte av ei sentral opptaksnemnd, som føretek prioriterte opptak ( jfr. fortrinn etter lov og forskrifter), og samordnar opptaket til ledige plassar i barnehagane.
Frå 01.01.09 er det lovfesta rett til barnehageplass jfr. Lov om barnehage for alle som fyller 1 år innan 31.08.12 og som søkjer innan søknadsfristen til hovudopptaket (1. mars). Opptaket vil verte gjort i mars, og skriftleg melding vil verte sendt den enkelte etter at vedtak er fatta.
Vi har ei målsetting om å få ut svarbrev til alle søkjarar før påske.