Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Nyhende / Ordføraren på den grøne øya møter Heidi Sørensen

Ordførar Jon Askeland skal i dag, 2. september ha møte med Miljøverndepartementet om den omdiskuterte kraftlina frå Øygarden til Mongstad.

Heidi Sørensen

Sjå presentasjonen

I vår sende Miljøvernministeren ut postkort til alle ordførarane i landet, med oppmoding om å arbeida for å stoppa reduksjonen i det biologiske mangfaldet, - og då særleg dei såkalla raudlisteartane (artar som er direkte trua).

Ordføraren i Radøy sende eit "svarpostkort", der det vart vist til at ei evt. kraftlinje i luftspenn vil vera større trussel for tap av biologisk mangfald hjå oss, då raudlistearten hubro hekkar i det området kraftlinja er planlagd i. I postkortet frå Radøy vart det og vist til at det er ein "systemfeil" ved at eit sektordirektorat som NVE får ha eineansvaret i slike alvorlege arealinngrep som kraftlinja representerer. Riksrevisjonen peikar i ein rapport på at Miljøverndepartementet må ta større ansvar i slike saker.

Ordføraren i Radøy ønskjer at det vert etablert ein ny politikk på dette området, som går på at Miljøverndepartementet tek hovudansvaret, og NVE vert redusert til ein av fleire faginstansar. Ordføraren bad om eit møte med Miljøvernministeren for å diskutera utfordringane rundt desse utfordringane.
 
Radøy kommune får no møta statssekretær Heidi Sørensen til møte i dag om dei problemstillingane Radøy er opptekne av.
 
"Me er glade for å ha vorte høyrd, og ser fram til å drøfta sakskomplekset", seier ordførar Jon Askeland. "Målet med møtet er å få drøfta ny arealforvaltning i slike saker, og at kraftlinja Kollsnes - Mongstad vert det første konkrete prosjektet der naturverdiane og folkeviljen vert tillagt den vekta det fortener ved at kraftlinja vert lagt i kabel."

Sist oppdatert: 05.09.2008
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no