Intensjonen bak lov og føresegn er forenkling, effektivisering, betre kvalitet i byggjesaker og klårare ansvar ved avslutning av saker. Dei viktigaste materielle elementa i den nye lova er kravet om bustader som er tilgjengeleg for alle (tilgjengeleg bueining), universell utforming i alle publikumsbygg og arbeidsbygg, klårare tekniske krav og meir miljøvenlege bygg
Det er innført eit nytt system for søknad. Eit byggetiltak er no anten søknadspliktig eller unntatt frå søknad. Dei søknadspliktige tiltaka er delt inn i tiltak kor det er krav om ansvarleg føretak og tiltak kor det ikkje er krav om ansvarleg føretak. Reglane om meldepliktige tiltak og enkle tiltak er fjerna. Driftsbygningar i landbruket har vorte søknadspliktige tiltak. For driftsbygningar opp til 1000 kvm er det ikkje krav om ansvarleg føretak. Tiltakshavar kan då sjølv stå for søknad og oppføring. For oppføring av større landbruksbygg er det krav om ansvarleg føretak.
Nytt i lova er søknadsplikt og krav til ansvarleg føretak for våtrom, både i nye og i eksisterande bustad.
Frist for sakshandsaming av søknad om tiltak, der det ikkje er trong for dispensasjon, er som tidlegare 12 veker frå komplett søknad er motteke. Søknadspliktige tiltak kor søknaden er komplett, nabo ikkje har protestert, samtykke frå anna mynde ikkje er naudsynt og tiltaket er i samsvar med lov, føresegn og plan skal handsamast av kommunen innan tre veker.
Frist for å handsame førespurnad om ferdigattesten er auka til tre veker, samstundes er krava til dokumentasjon skjerpa. Bruken av mellombels bruksløyve skal reduserast. Sakshandsamingstida for mellombels bruksløyve er tre veker.
Krava til dokumentasjon av system og kompetanse hos føretak som søkjar ansvarsrett er skjerpa inn. Det er også deira plikt til medverknad opp i mot ansvarleg søkjar. Eit nytt lovpålagt dokument – gjennomføringsplan – skal oppdaterast av ansvarleg søkjar gjennom heile byggjeprosessen, og sikre kvalitet i dei ansvarlege føretaka sitt arbeid.
Dei nye krava til bygg som er tilgjengeleg for alle har vekt store diskusjonar i høyringsrundane. Reglane som no er vedtekne i lov og føresegn tilseier krav om universell utforming av publikumsbygg og arbeidsbygg, og krav til tilgjengeleg bueining i nokre bustader. Tilgjengeleg bueining er ein ”light”-versjon av krava som gjeld for universell utforming. Kravet til tilgjengeleg bueining slår inn i bustadbygg på meir enn to etasjar med krav til heis og i bustader kor stove, soverom, kjøkken og bad er plassert på hovudplanet. Dersom ein av hovudfunksjonane er plassert på eit anne plan unngår ein krava til tilgjengeleg bueining. Tilgjengeleg bueining inneber tilrettelegging for rullestol, mellom anna krav om handicaptilpassa bad og trinnfri tilkomst.
For å få meir miljøvennlege bygg er det frå 1. juli 2010 krav om at minst 40% av energibehovet til oppvarming av bustad skal skje ved fornybare energikjeldar. Det vil seie noko anna enn strøm, olje, gass og kol.
Betre kvalitet i byggjesaker skal sikrast gjennom styrka kontroll, tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak. Dei nye kontrollreglane, med krav til uavhengig kontroll på nokre område, trer ikkje i kraft før 1. juli 2011. I perioden frå 1. juli 2010 til 1. juli 2011 er det framleis eigenkontroll som gjeld, men då slik at ansvarsrett for eigenkontroll ikkje skal godkjennast av kommunen. Kommunen sin plikt til å føre tilsyn og forfølgje ulovleg tiltak er skjerpa inn, og det er innført strenge sanksjonar mot ulovlege tiltak i form av pålegg om retting, tvangsmulkt, førelegg og lovbrottsgebyr. Kommunestyret i Radøy kommune vedtok den 24. juni 2010 satsar for tvangsmulkt. Satsane for lovbrotsgebyr, med ei øvre ramme på kr 400 000, er lovfesta i Byggesaksforskriften § 16-1. Strafferamma for alvorlege lovbrot er auka til to års fengsel.
Nye skjema for søknader etter plan- og bygningslova er tilgjengeleg på nett.
Statens Bygningstekniske Etat gir god informasjon om dei nye byggjereglane på si heimeside www.be.no. Lov og føresegner er tilgjengelege på www.lovdata.no.