BKK har levert sin søknad til NVE om konsesjon for å byggja og driva kraftleidningen. Dei har levert ein søknad med tre alternative trasear. Dei ulike traseane inneheld ein kombinasjon av luftspenn, sjø og jordkabel, men ingen alternativ inneheldt kabel på heile strekninga.
Prosjektleiar i BKK, Solveig Renslo, peika særskilt på at dei måtte vekta samfunnsøkonomi mot miljøomsyn, og tala syna då at ein jordkabel var for dyr å byggja og for tidkrevjande å vedlikehalde. Dei måtte derimot innrømme at ein i dag ikkje har gode metodar for å berekne absolutt verdi av eit areal, med omsyn til naturinngrep og framtidig verdi.
Tormod Eggan frå NVE leia møtet. Han forklara at NVE kalla inn til folkemøtet for å orientere om sakshandsamingsprosessen av konsesjonssøknaden og for å høyra folkemeininga. Han ynskte også å få innspel til alternative trasear for luftspenn.
Ordførarane i Radøy, Austrheim og Lindås var klartalte, dei ynskja kraflinja velkomen, men den skal i kabel heile vegen. Dei peika på at naturen i Nordhordland er unik, og at dei vil arbeide for å skjerma den. Ordførarane var også opptekne av at luftspenn vil bandleggje mykje areal som ein i framtida kan trenga til bustad- og næringsareal. "Når dei har råd til Opera, har dei råd til dette og!", sa ordførar i Lindås, Astrid Byrknes. "Mongstad sender 1 mrd kroner til Oslo kvar 3. dag, det er på tide å få litt igjen!" sa, Jon Askeland, ordførar i Radøy. Ordførar i Austrheim, Ole Lysøy fylgde opp med å sei: "Gje oss 400 millioner og legg kabel, så er me ferdig." Det var ikkje tvil om at ordførarane hadde folket i salen med seg.
Dei som tok ordet var alle for kabling av heile traseen. Dei var skuffa over BKK som ikkje hadde tatt innspela dei hadde gitt i møter tidlegare på alvor. Det vart sagt at folket har vore veldig klar på at ein ikkje ynskjer luftspenn, og at det difor er skuffande at BKK unnlet å ta dette alternativet med i sin konsesjonssøknad.
Ein del av talarane peika på at verken NVE eller BKK nemner noko om helserisikoen på grunn av stråling frå kraftleidning.
Det vart og slått fast at Bø-markane, som luftspennet vil gå tvers over, er eit aktivt friluftsområde. Ein frå salen gjorde eit raskt reknestykke og kom til at luftspennet ville utløyse 15 000 negative tankar hjå turgåarar i området kvart år.
NVE ville helst ha alle innspel skriftleg. Dei tok med seg det som vart sagt i møtet, men for at alle meiningar skal få ei god handsaming og følgje med saka i ei evt ankesak måtte ein ha det skriftleg til:
Noregs vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo, eller til nve@nve.no Høyringsfristen er satt til 5. juni.
Ordførarane presenterte sine vurderingar for NVE tidlegare same dag. Sjå presentasjonen her