Går du med tankar om å starte opp med mjølk? Ønskjer du utvide? Kom på Nordanger grendahus torsdag 16. februar kl 19.30.
Det er no høve til å kjøpe mjølkekvote, også for dei som ikkje i utgangspunktet har mjølkekvote.Vil du bli framtidas mjølkebonde, er du mjølkebonde i dag og vil bygge ut eller bygge om?Velkommen til møte torsdag 16. februar på Nordanger grendahus i Radøy kl 19:30.TINE sine rådgjevarar Ola Alne og Svein Åge Vangdal kjem. Dei svarar på spørsmål og fortel om Storfeprosjektet og viser gode døme på nybygg og ombygging.Ole Andreas Smette frå Innovasjon Norge kjem og fortel kva økonomiske ordningar dei har for dei som vil satse.Arrangør er Felles landbrukskontor for Austrheim, Fedje og Radøy ( PS! Mjølkebønder frå våre nabokommunar er hjarteleg velkomne også!)
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223Organisasjonsnr: 954 748 634
Vakttelefon veg, vatn og avløp: 48 28 71 82Vakttelefon brann: 907 60 866