Radøysongen av Petter Morken
|

|
|
1. Det susar lint i bjørketopp og stryk rundt nakne haug eg kjenner brisen på min kropp eit sjøfriskt vikinglaug,- Det skvalar smått om fjørestein og helsar meg frå vest - i eim av sjø og fiskebein eg likar Radøy best!
|
4. Eg reiser jamt på Radøyferd når tanken stig mot høgd, om vitjing i mi barndomsverd eg drøymer glad og nøgd,- Eg trør i gamle fotefar og nemner alt ved namn, for bygda er som før ho var, og opnar varmt sin famn. |
|
2. Og dreg det opp eit ver frå vest så tek eg hyra på. Men trass i regn og mykje blest er Radøy aldri grå,- Når lynget glitrar tårevått, kvar stein er blank og fin, set bekken i ein perlelått og dansar dansen sin!
|
5. Kvar knaus, kvart tre og liten stein, dei ser mitt hjarta blør - men trastemor på bjørkegrein, ho syng som aldri før! Ja, songen tagnar aldri enn om noko visnar ned, for tida modnar nye menn, kvart år veks nye tre. |
|
3. Ein radværing som reiser ut, ber med i hjarta sitt ein skatt av gull, ein arvelut som bind hans tanke tidt! Det ber han tidt i syn og draum så sælt på heimleg veg,- Han siglar i ein minnestraum til Radøy tanken dreg!
|
6. Ver helsa, Radøy hovdingstad, ditt namn i soga står - Så mang ein mann du gjorde glad, og gjer det kvart eit år! Når runer skriv deg takk og løn, på mosegrodde stein; då fyller du mi siste bøm, og gøymer mine bein. |
Sist oppdatert: 30.10.2009