Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Lag og organisasjonar / Idrett
Idrett
 
Hordabø idrettslag

Leiar: Bjørn-Ove Myking
Tlf: 56370249/90143964
Adresse: Hordabø idrettspark 5937 BØVÅGEN
Epost: hordabo.il@nettstar.as
Heimeside: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?OrgElementId=55862

Laget har to fotballbaner og ein idrettshall (Hordabøhallen). Laget driv med forskjellige aktivitetar som fotball, turløp (Radøyløpet),  volleyball, innebandy og handball (frå hausten 09).

Sist oppdatert: 20.04.2009

 
Kristen idrettskontakt

Leiar: Emil André Erstad
Tlf: 92 29 4 594
Adresse: Haukelandsvegen 1, 5009 Bergen
Heimeside: www.krik.no

 

Kristen Idrettskontakt på Radøy har samlingar annankvar fredag i Radøyhallen. Me er ei stor gruppe ungdommar frå ungdomsskulealder og oppover, som samlast til fysisk aktivitet, spel og leikar. Utanom desse faste samlingane har me også fjellturar, leirar og andre arrangement. På kvar samling har me andakt. Det kristne budskapet er sentralt i KRIK og det er me tydelege på. Me samarbeider også med Inpuls, ungdomsklubben på Manger bedehus. På landsbasis er KRIK ein stor organisasjon med 12 000 medlemer, og det vert kvart år arrangert store nasjonale leirar. Action, Arena og Explore. To på sommaren og éin på vinteren. KRIK sine sentrale verdiar er trusglede, livsglede og idrettsglede. Me tar ingen medlemsavgift og alle kan vera med, så det er berre å møta opp!

 
Manger idrettslag

Leiar: Odd Helge Hagen
Tlf: 56373388/98626542
Adresse: Postboks 76, 5931 Manger

Laget har fotballbane (Grønålen) i Manger sentrum. Volleyballag for jenter. Arrangerer årleg turmarsj. Varde på Morkefjellet med registrering av turar dit.

Sist oppdatert: 17.07.2009

 
Nordhordland seilforening

Leiar: Harald Matland
Tlf: 90121617
Adresse: Postboks 126 5906 Frekhaug
Heimeside: www.nordhordlandseilforening.org
E-post: leder@nordhordlandseilforening.org 
 

Nordhordland seilforening skal fremja segling som friluftsliv og sport i Nordhordland. Laget er tilslutta Norges idrettsforbund gjennom Hordaland idrettskrets. Laget har medlemar frå Meland, Lindås, Radøy, Austrheim og Osterøy. Laget har omlag 100 medlemar og 45 seglbåtar er tilslutta foreninga. Nordhordland seilforening arrangerer ein del klubbregattaer m.a. Høststormseilasen som går til Fedje kvar haust. Laget har også 4 optimistjollar som vert brukte til seglkurs for barn. Kursa vert haldne på Litlebergen.

 
Radøy idrettslag

Leiar: Olav Steinar Namtvedt
Tlf: 56 37 21 61/913 80 694
Adresse: 5939 Sletta
 

Radøy Idrettslag har for tida desse aktivitetar: - idrettsskule for born/turnaktivitetar på Sletta og Sæbø - babysømjing - trimaktivitetar (volleyball damer/fotbal herrer/landhockey for damer) - trimaktivitetane kan kan variera frå år til år. Laget eig og driv fotballbanene på Sletta og Austmarka. Radøy/Manger Fotball er brukar. Laget er største eigar i Samfunnshuset "Skogen".

 
Radøy RC

Leiar: Arve Hagesæter
Adresse: Radøyvegen 364, 5938 Sæbøvågen
Tlf: 907 85 538
Heimeside: www.radoyrc.net


Medlemane i Radøy RC køyrer stort sett modellbil heile året. Om sommaren foregår det meste av aktivitetane i klubben på offroadbanen vår på Marås, mens vi trekkjer innandørs når det blir kaldt og ekkelt vær. Løpskøyring er det som er mest moro med heile sporten og medlemmane i klubben køyrer både norgesmesterskap, nordisk mesterskap, europamesterskap og verdensmesterskap i tillegg til flere private storløp i inn- og utland. Klubben arrangerer i løpet av året mange lokale løp, og løp med nasjonal og internasjonal status.

Klubbsamlingar har vi fast på Marås kvar torsdag kveld frå ca kl 17.00.

Er du modellbilintressert og ønskjer å finna ut meir om aktivitetane i Radøy RC, er du hjartelig velkomen for å sjå, snakka og prøva modellbiler.

Sist oppdatert: 21.10.2010

 
Radøy skyttarlag

Leiar: Kornelius Manger
Tlf: 91334067
Adresse: Manger Øvre, 5936 Manger

Laget er tilslutta det frivillige Skyttervesen, DFS. Laget driv opplæring i bruk av våpen for konkurranse og treningsskyting. Laget arrangerer også treningsskyting for jegrar, og oppskyting til skyteprøve for storvilt. Laget har skyting med rifle i Radøyhallen i vinterhalvåret. Skyting utandørs i sumarhalvåret. Laget jobbar med å få til ny skytebane saman med andre lag og organisasjonar der alle skyteaktivitetar vert samla på ein stad.

Sist oppdatert: 27.05.2009

 

 
Radøy sportsskyttarlag

Leiar: Kornelius Manger
Tlf: 91334067
Adresse: Manger Øvre, 5936 Manger

Laget driv med skyting med rifle, konkurranse og trening. Laget er tilslutta Norges Idrettsforbund og olympiske komite. Mest aktivitet i Radøyhallen, frå sept til mai.

Sist oppdatert: 28.05.2009

 

 
Radøy/Manger Fotballklubb
Arne Askeland Leiar
Solbjørg Helland Kasserar/økonomiansvarleg>
Harald Bjørkelund Marked/Sponsoransvarleg
Else Marie Nødtvedt Sekretær
Hogne Askeland Info/Web ansvarleg
Berit Marie Storheim Materialforvaltar
Trond Helland Leiar sportsleg utval
Britt Heidi Christianslund  Varamedlem
Anders U Dragøy  Varamedlem

Adresse: Postboks 47, 5931 Manger

E-post: rmfk@live.no
Heimeside: www.rmfk.org

Radøy/Manger Fotballklubb vart stifta i 2002. Manger IL og Radøy IL hadde kvar sine fotballklubbar fram til vedtak om å samarbeide om fotballsatsinga i 2002. Målsetjinga er at klubben skal tilby alle barn og ungdom på Radøy eit aktivitetstilbud. Klubben har omlag 27 lag i alderen frå 6 til 65 år. Når borna startar på skulen, vert det etablert eit lokalt lag på skulen i regi av klubben. Spelarane følgjer laget sitt fram til 12-års alderen. Etter dette blir laga normalt slått saman då dei no skal begynne å spele 11'arfotball. Då trengs det fleire spelarar pr. lag. Klubben har både herrelag og damelag, og det finst tilbod til alle.

For å finansiere drifta arrangerer klubben Manger Cup og Tine Fotballskule, samt diverse lotteri og basarar. Det lokale næringslivet på Radøy får i gjennom klubben mulighet til å reklamere for seg sjølv via draktreklame og arenareklame. Klubben treng eit stort apparat for å kunne finansiere og drive ein så stor klubb, så alle som ønskjer å bidra er hjarteleg velkomne i klubben.

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no