Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Kraftleidningar over Nordho... / Kronikk - Kraftledning over fjord- og kystlandskapet i Nordhordland

BKK byrja i 2006 å planleggja bygging av ein ny 36-38 km lang 300 kilovolts kraftledning mellom Mongstad-Kollsnes. Våren 2006 sendte BKK ei melding til Norges vassdrag-og energidirektorat (NVE) med forslag om å utgreia eit reint kabelalternativ og eit alternativ som kombinerer kabel og luftledning, dvs. to alternative traseear over Radøy. Denne meldinga har  vore til høyring og eit samrøystes kommunestyre i Radøy uttalte i samband med den at: ”Radøy kommune ser det som einaste og beste løysing samfunnsøkonomisk og miljømessig at heile krafttrasèen over Radøy vert lagt som jord-/sjøkabel.”.

Bakgrunnen for kraftledningen
Denne planlagte kraftlinja skal byggjast fordi det no er gjeve konsesjon til bygging av energiverk/gasskraftverk på Statoil Mongstad. Dette anlegget som no er under bygging, utan CO2 rensing før eventuelt i år 2014, skal m.a. produsera store mengder med straum framover til m.a. oljeindustrien på Kollsnes og Mongstad. BKK har i ettertid også søkt om konsesjon for bygging av gasskraftverk på Mongstad, dette med CO2 reinsing. Dette anlegget vil også produsera store mengder med straum som må førast fram til storkundane, i hovudsak oljeindustrien.

NVE sine rutinar
NVE med hovudkontor i Oslo har no pålagt BKK om å utgreia eit tredje alternativ til trasèval for kraftledningen mellom Mongstad-Kollsnes. Dette nye og mest konfliktfylte alternativet, luftalternativet vert dominert av 27 km med luftledningar og høgspentmaster, med unnatak over nokre sjøområde der om lag 9 km skal i sjøkabel. Dette siste alternativet som i større grad vil vera uheldig for mange fleire kommunar har gjort at media i den seinare tid har engasjert seg og skrive meir om denne saka. Prosessen NVE administrerer i dag uttrykkjer sterkt preg av rutine på grunn av eit Stortingsproposisjon som er 7 år gamal,  og mange meiner no at den er gått ut på dato..

Kommunane arbeidar saman
Nordhordlandskommunane Radøy, Austrheim, Lindås og Øygarden arbeider aktivt saman for at den planlagte kraftledningen mellom Mongstad-Kollsnes i hovudsak skal koma som jord- og sjøkabel. Kommunane er samstemde i at det opne kystlandskapet i Nordhordland må verta spart for fleire høgspentmaster. Nabokommunane har no saman teke intiativ til å visualisera inngrepet i landskapet ei framtidige kraftledning i luft mellom Mongstad og Kollsnes vil ha.

Framdrifta til BKK
BKK arbeidar såleis for tida med å utgreia konsekvensane dei tre alternativa kan ha på miljø, økonomi, landskap, biologisk mangfald, areal og samfunn osv. Når dette er gjort vil kraftselskapet vurdera kva trasèalternativ dei vil søkja konsesjon på. BKK vonar dei kan senda konsesjonssøknad og konsekvensutreiinga hausten 2007, denne skal då på offentleg høyring. I samband med konsesjonsøknaden søkjer kraftselskapet også om løyve til oreigning. BKK tek sikte på at kraftledningen vil stå ferdig ved årsskiftet 2010/2011.

Kabelpraksis, politikk og mediastøtte
Det er i Øygarden den lengste kabelbiten i Noreg er nedgravd.  Av  50 km med 300- eller 420 kV kabel i Norge har me omlag 30 km i Øygarden. Store deler av kraftforsyninga til Kollsnes og Trollfeltet frå Fjell vart lagt i jordkabel for om lag 15 år sidan. Naturen er ikkje mindre sårbar no eller i andre deler av Nordhordland. I dag er det vanleg å byggja kraftledningar på dei høgaste spenningsnivåene som luftledningar. St. prp. nr 19 (2000-2001) som styrer NVE slår fast at det skal vera ein svært restriktiv kablingspraksis på 300 og 420 kV spenningsnivå.  Bakgrunnen for dette er at det kan verta dyrare ved kabling, men øydelagt landskap, auka helsefåre, lågare bustadprisar, konsekvensar på reiselivet m.m. er samfunnsøkonomiske konsekvensar ingen utbyggjar eller NVE i dag reknar på. Det er berre kabeløkonomien kontra luftspenn det vert rekna kroner og ører på.  Alle avisene støttar Nordhordland sine interesser i denne luftkampen. Både leiararne i avisene Bergens Tidende, Strilen, Nordhordland avis har sagt  klart nei til luftledningar her. Både fylkes- og stortingspolitikarar er godt informert i denne saka og mange har uttalt klart at ein no treng eit nytt kraftregime i Norge som tek miljø- og landskapsomsyn på alvor. På landsmøta i mange politiske parti er dette også vedtatt.

Reguleringsplanar og statleg samordning
Kommunane meiner at ei kablinga må samordnast med andre planlagte statlege arealinngrep og då i nært samarbeid med Statens Vegvesen, Statoil og BKK. Politikarane er samde i at det vil verta krevd reguleringsplanar for kraftledning/kabeltraseen i kvar enkelt kommune. Å berre bruka energilova slik kraftselskapa vil er uaktuelt og lite demokratisk på mange måtar.

Radøy sine traséforslag - eksempel frå ein kommune
Radøy kommune ynskjer at kraftledningen i kommunen skal følgja den planlagte riksvegen 565 mellom Soltveit-Marås-Manger som jordkabel. Kommunen har difor bedd BKK om dei kan vurdera å vera med å forskuttera riksveg 565 over Radøy til ei god samlokalisering av kabel og riksveg. Radøy kommune har hatt drøftinger med Statens vegvesen og dei er positive til at kabel kan samlokaliseres langs denne vegtraseen.  Radøy kommune har også bedd BKK om at dei kan setja i gang oppstart av reguleringsplanarbeid på jordkabling langs eksisterende fylkesveg mellom aust og vest i kommunen. På denne måten kan kraftselskapet få ein godkjent reguleringsplan på plass her også innen år 2008, i god tid før eventuell anleggstart. Dei andre kommunane har også kome med gode løysingar som samordnar statlege inngrep på ein fin måte økonomisk og landskapsmessig. BKK har uttalt at dei på eit generelt grunnlag er positive til å samle tekniske inngrep i naturen.

Målet framover må vera miljøkabel
Å få til gode trasèløysingar for miljøkabel som tek miljøomsyn i vårt vakre og sårbart kystlandskap er eit felles mål for alle kommunane i Nordhordland. Med felles lokalisering/samordning av kablel med planlagte gassrøyr, riksvegar og eksisterande kraftledningar kan ein få gode og samordna arealinngrep. Luftspenn over den sårbare kystnaturen vår får store konsekvensar for natur, landskapsrom, reiseliv/næring og busetjing.  Kryssinga av smale fjordar og over land av ei 300 kV linje med mastar på 30-45 meters høgde, vil for alltid prege landskaps-biletet! Ved luftspenn ved 300 Kw kan kabelen her leggjast i fjord, sjø eller veg og dei miljømessige vinstane vil vera kolossale!

Kommunane i Nordhordland meiner at ekstrakostnadane til sjø -og jordkabling må storsamfunnet og oljeindustrien ta. Det er dei som treng meir kraft no og det er naturleg at oljeindustrien og staten som er største eigar tek kostnadane med ein miljøkabel. Det er truleg også på tide at hovudkontoret til NVE vert flytta sentralt til Vestlandet.  Der vil byråkratane sitja nærare konsekvensane av sine eigne vedtak og kan sjå folk som bur her vest i augene.


Asbjørn Nagell Toft,
miljøvernleiar/skogbrukssjef i Radøy kommune

Sist oppdatert: 23.04.2008
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no