Momskompensasjon til frivillige organisasjonar

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela 1,4 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2018. 

Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidligare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet vert avviste.

Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfristar
Frist for å søkja til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2018.

De kan lesa meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar  på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Her finn du også søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt på e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Web levert av CustomPublish